Mot eit multikulturelt fellesskap i Sogn og Fjordane

Kva type informasjon er innvandrarar i fylket på jakt etter? Forskingsprosjektet 'Mot eit multikulturelt fellesskap i Sogn og Fjordane', skal sjå nærare på problemstillinga.
Kva type informasjon er innvandrarar i fylket på jakt etter? Forskingsprosjektet 'Mot eit multikulturelt fellesskap i Sogn og Fjordane', skal sjå nærare på problemstillinga.

Saman med Vestlandsforsking har HiSF fått midlar til det første forskingsprosjekt her i fylket som skal sjå nærmare på korleis ein betre kan lykkast med å integrere innvandrarar.

Presentasjon av prosjektet

Sogn og Fjordane har over tid vore eit netto utflyttingsfylke. Dei siste åra har folketalet likevel vore stabilt, mykje på grunn av eit aukande tal innvandrarar. Samstundes veit vi at meir enn halvparten av innvandrarane forlèt fylket og Vestlandet. I eit fylke prega av mange små kommunar prega av fråflytting og verksemder som står utan stabil tilgang på både høgt utdanna og fagarbeidar, er dette ei stor utfordring. Samstundes som det er vanskeleg for innvandrar å gjere seg kjende med den offentlege informasjonen på nett, veit vi lite om kva type informasjon innvandrarane faktisk etterspør. Skreddarsydd informasjon for innvandrarar er mangelvare, mykje informasjon finst berre på norsk og i tillegg er den offentlege informasjonen ofte spreidd over fleire nettsider.

Om prosjektet

Gjennom prosjektet skal vi hente informasjon om korleis kommunane legg til rette for digital informasjon, digitale tenester og arbeidsmarknadsrelaterte introduksjonsprogram for innvandrarane. Fire kommunar, Bremanger, Flora, Hyllestad og Sogndal deltek i undersøkinga. Prosjektet er finansiert av Regionalt Forskingsfond (RFF) og regionale utviklingsmidlar (RUP-midlar), samt eigeninnsats frå involverte partar. Prosjektet er retta mot kommunane og offentleg sektor elles, som Fylkeskommunen, Fylkesmannen og NAV, men privatoffentlege arbeidsintegrasjonsinitiativ vert og studerte, som Global Future.

Mål for prosjektet

Prosjektet skal :

1) Skaffe kunnskap om korleis kommunar, fylkeskommune, fylkesmann og NAV i Sogn og Fjordane legg til rette for integrering av innvandrarar, spesielt gjennom introduksjonsprogram og bruk av ikt og elektroniske medium.

2) Identifisere utfordringar og kome med framlegg til korleis offentleg sektor, åleine eller saman med privat sektor, kan legge til rette for auka bruk av ikt til informasjon, tenester, introduksjonsprogram og tiltak med det mål å auke innvandrarane sin medverknad i samfunns- og arbeidsliv.

3) Utvikle og etablere gode modellar på digitale informasjonstenester/program/tiltak for innvandrarar i Sogn og Fjordane samt vurdere om det kan vere aktuelt å utvikle ein digital fylkesdekkande innvandrarportal.

4) Sikre kompetanseheving og mobilisering av offentleg og privat sektor, slik at desse i større grad legg til rette for og marknadsfører informasjon og tenester for innvandrarar på deira eige språk, eventuelt engelsk.

Eit langsiktig mål for prosjektet er at innvandrarar gjennom tilrettelegging av regional digital informasjon og digitale tenester, og arbeidsmarknadsrelaterte integrasjonsprogram, skal bli betre integrert og meir synlege i lokalsamfunnet. Slik vil dei også involvere og engasjere seg i lokaldemokrati og nærmiljø. Lukkast Sogn og Fjordane med si integrering av innvandrarar vil truleg fleire bli verande i fylket.

Samarbeidspartnarar

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Vestlandsforsking

KS Sogn og Fjordane

Status

Prosjektet går i perioden 01.10.2010 til 01.10.2012.

Kontakt

Grete Netteland, prosjektleiar

Deltakarar

Grete Netteland,Høgskulen i Sogn og Fjordane

Carol Azunga Dragela, Vestlandsforsking

Ingjerd Skogseid, Vestlandsforsking


Sist endra: 23. august 2011 12:51:21