Flaskepostførelesaren

Torbjørn Dale med ei secchi-skive, som måler kor mykje lys som trenger gjennom vatnet.
Torbjørn Dale med ei secchi-skive, som måler kor mykje lys som trenger gjennom vatnet.

Dei utradisjonelle forskings- og undervisningsmetodane til førsteamanuensis Torbjørn Dale har vakt oppsikt dei siste vekene.

Sogn Avis var først ute med saka om korleis Dale nyttar flaskepost for å finna ut korleis straumane i fjorden fungerer.

Dale har sendt flaskepostar i nærare fire år, og i midten av juli fekk han sitt første svar. Også NRK Sogn og Fjordane tok tak i saka. Du kan sjølv høyre Torbjørn Dale fortelje om årsaka til at han brukar denne undervisingsmetoden.

Dagbladet har det siste presseoppslaget, der dei 2. august skriv to sider om Torbjørn Dale og flskepostutsendingane.


Sist endra: 02. august 2011 13:53:21