Høgskulelektor Kirsten Flaten får stipend frå Regionsenter for barn og unges psykiske helse, for å skrive doktorgradssøknad. Intervensjonsstudiar på angstførebygging er ikkje tidlegare gjort for born i så ung alder.
Høgskulelektor Kirsten Flaten, ved Avdeling for helsefag, ynskjer i sitt doktorgradsarbeid å kartlegge førekomsten av angst hjå fireåringar. Det skal også gjennomførast ei foreldretreningsgruppe, der foreldra blir utrusta for å gje betre støtte til borna, slik at dei kan bearbeide og redusere angstsymptoma.
Flaten skal registrere førekomst av angst og effekt av intervensjon. Manualen for programmer er utvikla i Australia, og er der testa ut på den same aldersgruppa som Flaten ynskjer å studere.
Kirsten Flaten er utdanna allmennlærar med master i spesialpedagogikk og hovudfag i psykologi. I 2010 gav ho ut boka “Barn med sosial angst og sjenanse”, og har skrive fleire fagartiklar om angst hjå born. Ho gjennomførte hausten 2010 eit pilotprosjekt om angstmeistring i skulen, der ho såg nærare på 10-åringar og korleis ein kan førebygge angst hjå dei.
Sist endra: 31. august 2011 12:28:18