Gode og engasjerte foredrag prega seminaret, som samla rundt 100 deltakarar frå heile fylket. Foredraga er no tilgjengelege.
Professor Erling Holden er godt nøgd med seminaret tysdag 6 oktober, som vart skipa til av Høgskulen, Vestlandsforsking og energiselskapa i fylket.
Tettpakka program
Programmet var tettpakka. Åtte gode innleiarar stod for innhaldet. Fylkesrådmann Jan Øhlckers gav innleiingsvis eit interessant historisk oversyn over energifylket Sogn og Fjordane, mens Birgit Hernes gav eit oversyn over Forskingsrådets midlar og program for energiforsking. Ole Chr. Albert frå Statkraft presenterte Statkrafts planar om sterkare satsing på vindkraft, Steinar Bysveen frå Energibedriftenes Landsforening ønskte seg ein "omforent" energi- og klimaplan og større tempo i arbeidet. Annegrete Bruvoll frå SSB fekk klart fram at spørsmålet om satsing på fornybar energi kontra prising av utslepp er ein kamp mellom interessegrupper.
"Blowing in the wind"
Alfred Bjørlo frå Måløy Vekst argumenterte entusiastisk for at vindkraft er ei framtidsnæring i vårt fylke, mens Erling Holden (HSF) presiserte at det finst ulike potensial for satsing på fornybar energi. Spaltist og sogndalsven Andreas Hompland avslutta seminaret med Bob Dylans visdomord frå byrjinga av 1960-åra: "The answer, my friend, is blowing in the wind".
Foredraga finn du her:
Jan Øhlckers, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Birgit Hernes, spesialrådgivar, Norges forskingsråd
Ole Chr. Albert, prosjektleiar vindkraft, Statkraft
Steinar Bysveen, adm. dir. Energibedriftenes Landsforening (EBL)
Annegrete Bruvoll, forskingsleiar, Statistisk sentralbyrå
Alfred Bjørlo, dagleg leiar, Måløy Vekst
Erling Holden, professor, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Andreas Hompland, spaltist og Sogndalsven
Sist endra: 26. oktober 2009 10:18:30