Ny kunnskap om NAV og sosialarbeidarrolla

bilde av Magne Eikås
Førstelektor Magne Eikås, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF)

I den nye utgåva av boka Organisert velferd gir Magne Eikås (HSF) og Alf Roger Djupvik greie for korleis nyare reformer, som NAV-reforma, skapar utfordringar for tenesteytarar og brukarar i offentleg sektor.

Boka har ei rekkje eksempel henta frå kvardagen til helse- og sosialarbeidarar. Dei skriv mellom anna om korleis sosialarbeidaren opplever og handterer krysspress mellom faglege vurderingar og byråkratiske strukturar, mellom leiinga i organisasjonen på den eine sida og klientar/brukargrupper på den andre.

Boka gir elles ei generell innføring i organisasjonsteori: Kva kjenneteiknar ulike typar organisasjonar, og korleis fungerer dei? Omgrep som mål, sosial struktur, teknologi, deltakarar og omgivnader blir forklart og drøfta. Boka inneheld også ei brei presentasjon av frivillige organisasjonar og korleis desse samhandlar med offentlege styresmakter.

Magne Eikås og Alf Roger Djupvik er begge førstelektor - ved kvar si sosialarbeidarutdanning; Eikås ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Djupvik ved Høgskulen i Volda.


Sist endra: 04. oktober 2010 08:05:05