Satsing på Ungt entreprenørskap nyttar

Dei mange møta vi har hatt med aktørar i fylket, lover godt for utviklinga av Sogn og Fjordane, sa forskarane Beate Rotefoss og Sissel Ovesen då dei lanserte rapporten ”Entreprenørskap på høygir!” (Foto: Oddrun Midtbø)

Sogn og Fjordane fylke ligg skyhøgt over landsgjennomsnittet i høve utdanning av lærarar i entreprenørskap. Dette viser forskingsrapporten "Entreprenørskap på høygir!".

Programstyret for entreprenørskap og nyskaping og HSF får mykje ros for satsinga på entreprenørskap. For første gong i Norge er det gjennomført ei omfattande kartlegging av effekten av entreprenørskap i skulen. Dei to forskarane Beate Rotefoss og Sissel Ovesen tok 9. september turen frå Kunnskapsparken i Bodø for å dele funna med eit interessert publikum i Førde.

Spleiselag for entreprenørskap

Det er onsdag føremiddag. I salen sit representantar frå spleiselaget som står bak satsinga på entreprenørskap i fjordfylket. Det er folk frå næringslivet, skuleverket og ulike nivå av byråkratiet. Dei er spente på kva forskarane har funne fram til etter fleire intervjurundar blant elevar, lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.

Føremålet med undersøkinga

Føremålet med denne evalueringen var å kartlegge status på entreprenørskapssatsninga i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane, og sjå kva effekt entreprenørskapssatsinga i fylket har hatt. Data blei samla inn ved hjelp av tre metodar; spørjeskjema, telefonintervju og fokusgruppeintervju. Fra grunnskulen vart det motteke data frå 611 personar, og fra vidaregåande opplæring vart det motteke data frå 615 personar.

Entreprenørskap integrert i skulekvardagen

- Sogn og Fjordane skil seg frå resten av landet ved at det er mange ulike aktørar involvert i satsinga. Det er også svært spennande å sjå korleis elevar, lærarar og skuleeigarar tolkar omgrepet entreprenørskap, og at det gjennomsyrar skulekvardagen. Over halvparten av skulane i fylket har klart det mange skular rundt om i landet slit med; integrere entreprenørskapssatsinga inn i den generelle kvardagen.

Entreprenørskap i skulen dreier seg om langt meir enn etablering av bedrifter.

- Satsinga utviklar og stimulerer viktige eigenskapar ein ønskjer i eitkvart menneske, hevdar forskar Beate Rotefoss.

- Satsinga stimulerer entreprenørielle eigenskapar, som til dømes eleven sin evne til å vere kreativ, sjølvstendig, ta ansvar og stole på seg sjølv. Elevane ser mulegheiter i eigne miljø, og blir meir motiverte og engasjerte i skulen. Minst fokus har respondentane på eit medvite forhold til risiko og byggje/nytte nettverk, seier forskaren. Ho er overraska over at ingen av skulane trekker fram stram økonomi som hinder for satsing.

Eldsjeler er viktige

- Framleis er mykje av satsinga basert på eldsjeler, men fylket ligg skyhøgt over landsgjennomsnittet i høve utdanning av lærarar i entreprenørskap. Fylket er eit føregangsfylke når det gjeld satsing på lærarkrefter og utstrekt kontakt med lokalt næringsliv. Det har ført til at fylket er på topplassering når det gjeld partnarskapsavtalar.

Pioneren for entreprenørskap

Ein som aldri har vore i tvil om at satsinga på entreprenørskap er viktig for utvikling av menneske og samfunn, er høgskulelektor Ivar Offerdal. Han er ein av pionerane for innføring av entreprenørskap i alt frå barnehage til høgskule. Sidan 2003 har han reist rundt i fylket som ein misjonær for entreprenørskapsånden. Han har hatt fleire turar til USA og land i Europa for å få idear til korleis satsinga kan styrkast og utviklast betre. Han er positivt overraska over funna i rapporten, over at satsinga scorar såpass høgt blant dei spurde.

På linje med regjeringa

Den same dagen som forskarane sette punktum i rapporten, kom regjeringa med ”Handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga” - Sogn og Fjordane blir framheva som ein god rollemodell. Av dei 14 tiltaka regjeringa peiker på som viktige framover, er sju av tiltaka høgaktuelle for fjordfylket, som dermed står sterkt i kampen om midlane.

Ungdom ser ei framtid i fylket

- Om lag ein fjerdedel av elevane svarer at dei ønskjer å busetje seg på heimstaden. Mellom 70 og 80 % av elevane i grunnopplæringa ønskjer å ta høgare utdanning, og om lag 15 % av elevane kan tenkje seg å etablere eiga bedrift. Om lag halvparten av desse att ønskjer å etablere bedrift i heimfylket. Det er sterke tal, og det lover godt for framtida til Sogn og Fjordane, meiner Rotefoss. Rapporten syner at satsinga på entreprenørskap i skulen har gjennomgåande positivt effekt for desse framtidsplanane for elevane.

- Alt som kan bidra til å gjere skuledagen betre for elevane, er interessant, fastslår ho, og konkluderer med at resten av landet har mykje å lære av satsinga i Sogn og Fjordane.

Leiar for Programstyret i entreprenørskap og nyskaping i Sogn og Fjordane. Knut M. Olsen, meiner fylket no har eit nyttig dokument som syner at dei er på rett veg. – Det er godt å få faktiske tal på effekten av arbeidet, seier han.

Fullstendig versjon av rapporten på driftig.no - "Driftig.no - eit gründersenter på nett for deg som vil lære, skape eller drive bedrift i Sogn og Fjordane": ”Entreprenørskap på høygir!”

Tekst og bilete: Oddrun Midtbø


Sist endra: 12. september 2009 21:35:29