Studiet “Samfunnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling” gir kompetanse om kulturarv, digital formidling og kulturelt entreprenørskap.
Studiet startar opp 26. og 27. september, så meld deg på snarast!
Det er Høgskulen og Fylkeskommunen som tilbyr studiet på grunnlag av gode erfaringar frå førre skuleår, og opnar no opp for at fleire kan melde seg på studiet.
Breitt spekter av målgrupper
Målet er å gje kunnskap om vår lokale kulturarv, og fremja kulturell verdiskaping. Ved å synleggjera den lokale kulturarven ønskjer ein å vera ein pådrivar for lokalsamfunnsutvikling i fylket. Sentrale nøkkelpersonar i ei slik utvikling er leiarar og tilsette i kultur- og skulesektoren. Gjennom eigne prosjekt i studiet kan ein vera med på å utvikla, og formidla vidare den lokale kulturarven . I tillegg til skule- og kultursektoren er næringslivet ei viktig målgruppe. Breitt samansett deltakargruppe bidreg til nyttig kunnskapsutveksling og samarbeid mellom deltakarane, og ikkje minst nettverk for framtidig lokalsamfunnsutvikling.
Byggja vidare på erfaringar
Studiet vil i hovudsak bygga vidare på dei erfaringane som vart gjort i studieåret 2010/2011. Entreprenørskap og kreativitet vert sett i samanheng med digital formidling og lokal kulturarv. Tilbakemeldingane frå studentane har vore svært positive, ikkje minst arbeidet med ei praktisk retta prosjektoppgåve der deltakarane lagar ei digital forteljing knytt til relevant teori. Fleire av studentane har gjort sine produkt tilgjengelege på nettstaden Digitalt Fortalt.
Fagleg påfyll
Studiet er eit vidareutdanningstilbod som gir 10 studiepoeng, og er open for alle med studiekompetanse/realkompetanse. Interesserte kan lese meir og melde seg på studiet på Høgskulen si heimeside, eller gå til direkte til søknadsweben. Søknadsweben er open til oppstartsdagen.
Sjå eige Faktaark om studiet
Sist endra: 12. september 2011 16:20:00