Kvåle TV - eit nybrottsprosjekt på Fosshaugane Campus

Elevar ved Kvåle skule i arbeid med produksjon. Biletet er henta på Kvåle skule si nettside.

Tolvåringar på Kvåle skule har i samarbeid med HSF og ulike skulemiljø laga nett-TV.

Ideen Kvåle TV

Ideen til Kvåle-TV kom etter ein studietur til Athens GA i USA, der Eivind Rogne, tilsett i HSF og leiar av prosjektet Kvåle-TV, såg ein sjuande klasse på ein skule laga lokafjernsyn. Det var ei ti-minuttars direktesending for skulen, og som seinare på dagen vart send på universitetet sitt kabelfjernsynsnett. Dersom tolv-åringar i USA kan laga fjernsyn, kan og tolvåringar i Sogndal klara det same. I mangel av eit kabefjernsynsnett i Sogndal, har dei nytta internettet til det same føremålet - laga eit lokal-TV publisert på nett, basert på streaming- teknologi.

Den fyrste sending i Kvåle TV

Heidi Grande Røys var med og åpna Kvåle-TV og åpninga ga fyrste sending i Kvåle TV.

Sjå fyrste sending her.

Om produksjonen

Kvåle TV er i all hovedsak filma og produsert med "low tech" utstyr. Ein har nytta videofunksjonen i digitale fotoapparat for å ta opp film og mobiltelefon til lydopptakar. Ein har nytta standar programvare til videoredigering og produksjon av sendingane.

Tre sendingar, kvar på 15 min. vart "streama" direkte frå høgskulen sitt videostudio.

Her hadde elevane ansvar for både presentasjon av stoffet og teknisk avvikling av streamingproduksjon.

Les meir om prosjektet og sjå fleire sendingar her.

Om prosessane

Prosjektet starta opp med to kursdagar i videoredigering og reportasjeteknikk. Elevane fekk så velje kva saker dei ville arbeide med. Dei ble organisert i reportasjeteam sett saman av ein fotograf, ein journalist, og ein produsent/redigerar. Kvar reportasje skulle innehalde bilete (video) intervju og kommentar. Elevane hadde sjølv ansvaret for å gjere naudsynte avtalar med dei som skulle intervjuast

Om hjelp undervegs

Prosjektet Kvåle-TV, er eit entreprenørskapsprosjekt, men og eit Campusprosjekt. Prosjektet er eit resultat av eit samarbeid mellom Kvåle skule, i alt 70 elevar i sjuande klasse og fire lærarar, Høgskulen, ALI og IT- avdelinga, Sogndal vidaregåande skule.

Dei har fått hjelp av sentrale personar frå institusjonane NRK og Helse Førde. Arve Uglum og Arne Eithun har hatt kvar sin forelesning i journalistikk og presentasjonsteknikk.

Leiar ved Høgskulens IT avd. Odd Erik Loftesnes har stilt utstyr, studio og teknisk kompetanse til disposisjon.

Les meir om Kvåle TV på prosjektet si nettside

Elevane på Kvåle skule har gjennom å arbeide med Kvåle-TV vorte kjende med eige lokalsamfunn gjennom journalistiske metodar. Dei har utforska og dokumentert det dei fann ved at dei laga små to-minuttars videoreportasjar om saker dei var opptekne av. Alle desse reportasjane blir sette saman til eit magasin - ei 15-minuttars sending som blir "streama" på internett frå høgskulen sitt "streaming- studio”. Sendingane blir så gjort nedlastbare frå ungdomsskulen og høgskulen sine heimesider.


Sist endra: 23. april 2009 09:32:03