Frode Haara disputerer

Haara disputerar torsdag 23.06.2011 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet handlar om bruk av praktiske aktivitetar matematikkundervisninga.

Frode Olav Haara (f. 1972) vaks opp i Odda. Han vart utdanna allmennlærar i 1996 og har hovudfag i matematikkdidaktikk frå Høgskolen i Agder i 1999.

Frode Haara er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Frå 2001 arbeidde han som høgskulelektor i matematikk og i perioden 2003-2006 som studieleiar for allmennlærarutdanninga. I perioden 2007-2010 har han undervist i matematikk i grunnskulelærarutdanninga, og han har vore fagleg koordinator for masterutdanning i læring og undervisning, ved sidan av å vere stipendiat.

Matematikk som skulefag er omstridt. Mange elevar strevar med å lære det læreplanen legg opp til i matematikk.

I arbeidet med å utvikle undervisninga på måtar som aukar interessa for faget, og gir betre fagleg forståing og meistring, er bruk av praktisk tilnærming i undervisninga eitt av verkemidlane som vert trekt fram. Det ble seinast gjort av Kunnskapsministeren i april 2011, under pressekonferansen knytt til St.meld. 22 (2010-11) om tiltak for ungdomstrinnet i grunnskulen.

Læraren som underviser i matematikk har si eiga oppfatning av kva undervisning som gjev elevane best tilhøve for å lære matematikk. Samtidig møter han/ho forventningar om ei praktisk tilnærming til matematikken. Å bruke praktiske aktiviteter er ein måte å gje ein auka grad av praktisk tilnærming i undervisninga, men kva faktiske grunnar legg læraren vekt på når han/ho vel å bruke ein praktisk aktivitet?

Avhandlinga baserer seg på tre kvalitative studier. Den første studien fokuserte på relasjon mellom lærarar sine grunnar for å velge å bruke praktiske aktivitetar og deira faglege og didaktiske kunnskap. Den andre studien studerte korleis introduksjon til ein ny undervisningsmetode, støtta av bruk av praktiske aktivitetar over tid, påverkar læraren si oppfatning av bruk av praktiske aktivitetar. I den tredje studien blei lærar sine erfaringar med påvirkning knytta til val av praktiske aktivitetar sammenlikna med eit etablert hierarki av påverknadsfaktorar.

Avhandlinga identifiserer tre kategoriar av grunnar for kvifor lærarar vel å bruke praktiske aktivitetar: Viktigheta av lærarens faglege og didaktiske kunnskap, kompromissar som læreren føler seg forplikta til å gjere, og praktiske dilemma som læraren opplever. Det vert også identifisert tiltak som kan gjennomførast slik at lærarar kan makte å snevre inn avstanden mellom det dei opplever som korleis dei faktisk underviser og korleis dei ønsker å undervise, og å velge praktiske aktiviteter av faglege og didaktiske grunnar heller enn praktiske grunner.

Disputasen for avhandlinga, Unveiling teachers’ reasons for choosing practical activities in mathematics teaching, finn stad ved Universitetet I Bergen, auditorium 130, Christiesgate 12, torsdag 23. juni klokka 10:15.

Kunngjeringa i fulltekst er å finne på Universitetet i Bergen sin nettstad.


Sist endra: 16. juni 2011 17:31:43