Tysdag 23. august troppa 35 studentar opp til første skuledag på Voss. I løpet av fem år utdannar dei seg til lærarar i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Bergen og Norsk Lærerakademi.
- Departementet ynskte at utdanningsinstitusjonane på Vestlandet samarbeidde om deltids-lærarutdanninga, seier Bente Sollid, som er prosjektansvarleg for utdanninga.
Det er Universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet, UHNett-Vest, som finansierer prosjektet, som blir leia og koordinert av Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Samarbeidet skal gjere det mogleg for studentane å ta ulike fag eller modular på tvers av institusjonane. Det er også eit liknande tilbod lenger nord på Vestlandet, der Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda samarbeider om utdanninga. Desse studentane har studiestad Sandane som base, og 23 studentar er i gang med utdanninga der.
- Studentane vil nyte godt av dette opplegget ved at dei får eit breiare tilbod og kan kome nærare den spisskompetansen dei er på jakt etter, fortel Sollid.
Studentane skal møtast fem gonger i løpet av kvart semester og i tillegg ha nettbaserte samlingar. Utdanninga er eit pilotprosjekt, men målsettinga er at det blir eit varig samarbeid.
– Det er mangel på lærarar mange stader rundt om i landet. Voss kommune er ein av dei som har sett at dei står i fare for å måtte bruke ukvalifiserte lærar i undervisinga på barneskulen om nokre år. Og difor kontakta dei oss med ynskje om å opprette eit deltidsstudium, fortel Sollid.
- Vi er sjølvsagt spente på korleis opplegget vil fungere og bli motteke av studentane, men eg er trygg på at vi med ei slik organisering gjev studentane det beste frå tre utdanningsinstitusjonar, avsluttar Sollid.
Sist endra: 31. august 2011 15:17:52