Tsunamiforskaren i Sogndal

Tsunamibølgja slår innover byen Miyako nord for Sendai Foto HO (Reuters)
Tsunamibølgja slår innover byen Miyako nord for Sendai Foto HO (Reuters)

- Det er uverkeleg å sjå kreftene som er i sving og skadane som oppstår. Og det er fælt å sjå lidingane og kva folk har vore utsette for. Samstundes tykkjer eg det er veldig fascinerande reint fagleg, seier professor Stein Bondevik.

Professoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er kanskje landets fremst ekspert på tsunamiar, og einaste geolog med dette som sitt spesialfelt.

Vart varsla

Berre dagar før bølgja slo inn over Japan, hadde han stått framfor studentane på kurset Geohazards, og forklart dei korleis varslingssystemet for tsunamiar fungerer.

- Varslingssenteret ligg på Hawaii. Det varslar tsunamiar over heile verda, seier Bondevik. Han fortel at det verdsomfattande varslingssystemet kom på plass etter tsunamibølgja som råka Indiahavet og land som Indonesia, Thailand og Sri Lanka i 2004. Tidlegare hadde systemet berre varsla amerikanske kystliner.

Dersom jordskjelvet ligg i havet og er over 7 i styrke går det ut eit tsunamivarsel. Seinare varsel fortel og om kvar bølgja er registrert, kor stor den er og kva tidspunkt den vil slå inn over kystliner i området. Berre 9 minuttar etter jordskjelvet , klokka 06:55, fekk Bondevik e-posten som varsla den store tsunamibølgja. 20 minutt etterpå hadde den slått inn over Japan med fatale konsekvensar.

- Då eg såg at bølgja var over ein meter, allereie langt ute på havet vart eg skikkeleg uroa. Tankane om det som skjedde i 2004 kom raskt, fortel Bondevik.

Forsking i utvikling

- Då eg fatta interesse for dette, på 90-talet, hadde vi lite informasjon om fenomenet, seier Bondevik. I doktorgraden dokumenterte han at ein liknande tsunami råka heile norskekysten i eldre steinalder. - Den hendinga vart utløyst av eit enormt ras på Storegga, om lag 100 km utanfor Mørekysten. For å forstå kva ein tsunami var hadde eg nokre lysbilete frå tsunamiar i Japan å sjå på. I dag er dette snudd på hovudet.

Etter 2004 vart det sett ut eit 30-tals sensorar i djuphavet, dei fleste omkring Stillehavet, som registrerer at ein tsunami passerer. Før hadde forskarane inga peiling på kor store desse bølgjene var på djupt vatn. No veit dei meir om dette og kan følgja forplantinga av bølgja.

- Då slepp vi falske alarmar også. I tillegg har vi fått dokumentasjon gjennom dei mange videofilmane om kva som skjer når desse bølgjene møter land. Det er fantastisk kor mykje meir me veit om fenomenet i dag enn for berre 10 år sidan, fortel Bondevik.

Godt førebudde

– Sjølv om dei store tsunamiane får katastrofale følgjer, så lærer vi utruleg mykje av det. Det nye varslingssystemet fungerer så å seie optimalt teknisk, men det er sjølvsagt vanskeleg å få ut informasjonen til dei som må ha den snøgt. 20 minutt er kort tid, seier Bondevik. Han påpeikar at Japan er det landet som har vore best førebudd på ei slik hending. – Men, det er umogleg å vere heilt førebudd på bølgjer på over 13 meter, legg han til.

Absurd oppleving

Telefonen til Stein Bondevik kima heile fredagen. I den andre enden sat journalistar, frå Aftenposten, NRK og Bergens Tidende, som ville vite meir om kva som kva som eigentleg hadde skjedd i Japan og kva som gjer at tsunamiar oppstår. – Det er ikkje så ofte tsunamiar skjer, og når det får så store konsekvensar som her, vil media ha svar. Eg sat klistra til internettet, men det var vanskeleg å vera oppdatert og kunna svare på alle spørsmåla.

Midt opp i alt trykte han ved ein feil på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. – Absurd, er nesten det einaste ordet som kan skildre den situasjonen, seier Bondevik. På nettsida der stod det nemleg at det også i Framfjorden hadde vore teikn til ein tsunami. – Her sat eg og prøvde å ta inn over meg det som skjedde i Japan, og så oppstår det samstundes ein mini-tsunami her i Sogn. Eg trudde ikkje det eg las, seier han.

Auka kunnskap reddar liv

Kvar dag oppdaterer og deler forskarane data og informasjon med kvarandre på e-post. - Før 2004 kjende eg så å seie alle som studerte tsunamiar, men etter det som skjedde i Indiahavet har forskingsfeltet eksplodert, seier Bondevik, som trur at det kjem fleire og nye forskarar til etter hendinga i Japan.

- Med auka kunnskap kan vi kanskje bli endå betre til å rekne oss fram til kva som vil skje og kome med meir nøyaktige varsel. Vi kan ikkje hindre slike naturkatastrofar eller omfanget av dei. Men vi kan redusera tap av menneskeliv gjennom eit endå betre varslingssystem, og byggja hus og anna infrastruktur, til dømes atomkraftverk, på sikker grunn. – Denne forskinga reddar liv, avsluttar Bondevik.


Sist endra: 17. mars 2011 08:20:24