Stort forskingsprosjekt på effektar av hjortebeiting

Effektane av hjorten si beiting står sentralt i forskingsprosjektet.
Effektane av hjorten si beiting står sentralt i forskingsprosjektet.

Avdeling for ingeniør- og naturfag skal samarbeide med kompetansesenteret Norsk Hjortesenter i eit stort forskingsprosjekt om hjortebeiting. Prosjektet er løyvd 4,5 millionar frå programmet Miljø 2015 hjå Noregs Forskingsråd.

- Vi har eit unikt datasett og godt grunnlag for å drive økologisk forsking i eit miljø der endringar ofte føregår gradvis, seier prosjektleiar Stein Joar Hegland ved Norsk Hjortesenter.

Han trur dette er noko av bakgrunnen for at prosjektet er eit av fem som fekk tilslag frå Forksingsrådet. Prosjektet skal fokusere på dei korleis hjorten si beiting påverkar biomangfaldet. Bakgrunnen er den eventyrlege veksten i hjortestammen og at ein manglar kunnskap om kva verknader dette kan ha for naturlege økosystem.

Forskinga skal basere seg på eit forsøk frå Svanøy som vart gjennomført allereie i 2001. Der ein har følgt utviklinga av vegetasjonen i beita og ubeita blåbærfuruskog med stønad frå mellom anna Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Synleggjer mindre forskingsmiljø

- Prosjektet er ei stor fjær i hatten til dei samarbeidande institusjonane, fortel dekan Tarald Seldal ved Avdeling for ingeniør- og naturda ved høgskulen. - Dette syner at også små forskingsmiljø kan vera konkurransedyktige for dei høgthengande midlane hjå Forskingsrådet.

Prosjektet utmerkar seg også ved at det har fått til eit nært samarbeid mellom eit tradisjonelt forskingsmiljø som høgskulen og eit kompetansesenter som Norsk Hjortesenter. I tillegg deltek UMB på Ås og utanlandske forskarar i Nederland og England i prosjektet, noko som sikrar nasjonal og internasjonal forankring.

Viktig for hjorteforvalting

- Ei av dei viktigaste oppgåvene til Hjortesenteret blir å omsetja kunnskap frå dette og liknande prosjekt til relevant kunnskap som kan nyttast i forvaltning av hjort. Det er viktig å sikre at viltforvaltninga tek omsyn til fleire artar enn hjort, framhevar Hegland. Hanlegg til at det ikkje er gitt på førehand at dagens hjortetettleik nødvendigvis er skadeleg for naturens mangfald.

Prosjektet har konkret som mål å svare på fire spørsmål

1) Kva er dei langsiktige effektane av hjortebeiting på plantemangfald og vegetasjonsdynamikk?

2) Korleis vert dominerande planteartar sin populasjonsdynamikk påverka av hjortebeiting?

3) Kva er dei indirekte beiteeffektane på næringsnettet av insekt og planter?

4) Kan vi bruke kunnskap frå dette og andre prosjekt for å vegleia hjorteforvaltning i forhold til eit biomangfaldperspektiv?

Forskarmiljøet ved høgskulen i Sogn og Fjordane og samarbeidande universitet vert spesielt sentrale i spørsmål 1 til 3, medan kompetansemiljøet ved Norsk Hjortesenter skal ha ei eit spesielt ansvar for det fjerde punktet.


Sist endra: 11. januar 2011 11:06:41