Frå 1. august er Maj-Britt Råholm tilsett som professor ved Avdeling for helsefag. Ho ynskjer å styrkje sjukepleieutdanninga og forskinga ved avdelinga, og samstundes knyte desse to områda tettare saman. Råholm er den første professoren som er tilsett ved Avdeling for helsefag.
Maj-Britt Råholm kjem frå Finland. Ho tok doktorgraden i 2003 ved Åbo Akademi i Vasa. “I kampens och modets dialektik - en studie kring den hjärtopererade patientens hälsa och lidande”, var tittelen på avhandlinga. Råholm fekk i år professorkompetanse i sjukepleievitskap. Ho har tidlegare arbeidd som sjukepleiar og avdelingsleiar ved ei hjarteavdeling, vore leiar for den finske sjukepleieutdanninga samt førsteamanuensis og fou-leiar. Forskinga hennar omhandlar mellom anna verdigheit i eldreomsorga, overgang fråbachelor til PhD, leiarskap og etikk og forsking om vitskapsteoretiske spørsmål. Maj-Brit Råholm rettleiar også doktorgradsstipendiatar ved Åbo akademi og masterstudentar ved Høgskulen i Volda.
- Tilgangen på tilsette i pleiesektoren kjem til å bli halvert i Noreg, frå 4000 til 2000, dei næraste åra. Dette skjer samstundes som eldrebølgja slår innover oss, og det blir færre i dei yngre årskulla. Utgiftene går opp, og det stiller strengare krav til eit effektivt utdanningssystem, seier Råholm. Ho trur det kjem til å stillast strengare krav til utdanning og rekruttering i åra framover.
Samhandlingsreforma vil også føre til at det kjem nye krav til helsepersonell. – Utdanningane må halde høg internasjonal standard, samstundes må praksisplassane kvalitetssikrast slik at studentane får best mogleg praktisk og fagleg oppfølging, seier Råholm. Ho ser spesielt fram til å arbeide vidare med det føreslegne mastergradsstudiet i høgskulen, som rettar seg mot brukarsentrert samhandling i helse- og sosialtenestene. – Dette studiet er viktig for å tilfredsstille dei nasjonale krava om auka kvalitet og kompetanse, både i dag og i framtida, legg ho til. Det blir no sendt søknad om akkreditering av masterstudiet til NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen.
- Sjølve utdanninga og forskinga må knytast tettare saman og utvikle studenten slik at han eller ho er i stand til kritisk å granske og evaluere eigen kunnskap, seier Råholm. Ho ser positivt på at fou-miljøet ved Avdeling for helsefag veks, og at fleire av dei fagtilsette har teke doktorgrad og held fram med vidare forsking. Det er også fleire stipendiatar og tilsette i førstelektorprogram, og avdelinga har etablert større nettverk kring nokre sentrale emne.
Råholm har elles lagt merke til auka publisering og formidling frå avdelinga. – Dette kan vi utvikle i endå større grad. Det blir dessutan viktig å byggje gode nettverk, slik at vi kan delta på prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. For forskingsformidlinga er det viktig at vi støttar opp under og oppmuntrar fagtilsette til å delta med papers og posters på konferansar i både inn- og utland, seier professoren.
Ho understrekar òg at samarbeidet med regionen kjem til å bli tillagt stor vekt, spesielt sett i lys av samhandlingsreforma.
Sist endra: 21. juni 2011 12:39:56