Det formelle samarbeidet innan lokalhistorie mellom høgskulen og Sogndal kommune vert oppheva frå første august 2011.
I tjue år har det vore samarbeidd mellom Sogndal kommune ved Sogndal bibliotek, HSF-bibioteket og historikarmiljøet ved høgskulen om arkivering og bruk av lokalhistorisk kjeldemateriale. Samlokaliseringa i kulturhuset la godt til rette for dette, og i ei årrekkje hadde HSF eit særs populært studium i lokalhistorie. På den tida var samarbeidet på det mest aktive. Ei rekkje personar frå heile fylket har teke lokalhistorie ved DH-skulen i Sogndal.
Forholda har no endra seg. Høgskulebiblioteket skal i 2012 flytte ut av Kulturhuset og bli samla med resten av høgskulebiblioteket i det nye sentralbygget på Fosshaugane. Faget lokalhistorie har endra status. Det har vorte integrert i bachelorstudiet i historie og eksisterer ikkje lenger som eit sjølvstendig deltidsstudium slik det gjorde tidlegare og samla mange vaksne studentar til undervisnings laurdagane.
HSF ønskjer derfor å overdra mesteparten av det HSF eig i den felles lokalhistoriske samlinga ved folkebiblioteket, til Sogndal bibliotek/ Sogndal kommune. Noko materiale av spesiell forskingsmessig verdi kan det vera aktuelt å flytte med til det nye HSF-biblioteket. Den spesialkompetansen bibliotekarane ved Sogndal bibliotek har, gjer samlinga ekstra verdifull.
Denne avgjerda vart markert ved ei lita samling i slutten av april. Høgskulen takka for godt samarbeid gjennom mange år.
Sist endra: 09. mai 2011 10:43:47