Internett til hjelp for kreftpasienten

Gro Hovland presenterer sin studie i tidsskriftet VÃ¥rd i Norden.
Gro Hovland presenterer sin studie i tidsskriftet Vård i Norden.

Internettbaserte støttegrupper kan hjelpe kreftpasienten til å meistre sine problem på ein betre måte, syner ein studie der høgskulelektor Gro Hovland er førsteforfattar.

Saman med medforfattarane Åshild Slettebø og Cornelia Ruland fekk Hovland publisert sin artikkel "Medpasienten si rolle i informasjonsutvekslinga i eit internettbasert diskusjonsforum" i tidsskriftet Vård i Norden nr 2, 2011. Studien syner at brystkreftpasientar saknar informasjon og støtte frå helsepersonell og kontakt med andre i same situasjon. Ved hjelp av internettbaserte støttegrupper får pasienten eit viktig supplement og betre forståing for eigen situasjon.

Diskusjonsforum på nett

Internettbaserte støttegrupper blir i aukande grad nytta av kreftpasientar til å utveksle informasjon og støtte og kan hjelpe pasienten til å meistre sine helseproblem på ein betre måte. Den gjendsidige sosiale støtta og kunnskapen dei får, aukar medlemmane sin sjølvtillit ved å lære meir om eigen sjukdom. Dette gir eit meir reflektert forhold til problemstillingane dei ynskjer å ta opp, og møtet med helsepersonell vert for pasienten meir komfortabelt. Det ser ikkje ut til at pasienten får mindre kontakt med helsepersonell om dei nyttar nettet for helseinformasjon. Positive moment som er trekt fram er at pasientane får tilgang til forumet uavhengig av bustad, og at den skriftlege og anonyme forma kan gjere det lettare å kommunisere om vanskelege tema. Diskusjonsforumet inneheld separate forum for pasientar med brystkreft og prostatakreft, og eit fellesrom der begge pasientgruppene kan delta. Pasientane er i ulike fasar i behandlinga, og kan nytte seg av kvarandre sine erfaringar. Kreftsjukepleiar er tilgjengelig i alle foruma og kan svare på spørsmål eller informere om tilbod.

Forumet kan vanskeleg erstattast

I dagens helsevesen, der liggetida går ned, misser pasientane eit verdifullt pasientfelleskap. Funna i studien syner at pasientane i diskusjonsforumet deler informasjon som vanskeleg kan erstattast av andre utan liknande erfaringar. Tilrettelegging av internettbaserte diskusjonsforum kan derfor vere eit viktig supplement for informasjon og støtte. Kunnskapen pasientane får via forumet gir dei større innsikt i eigen sjukdom og dette gir igjen auka sjølvtillit til å ta opp spørsmål med helsepersonell. Det kjem og fram av studien at pasienten opplever ein sårheit ved ikkje å bli møtt på si bekymring. Å ivareta og imøtekomme den sårbare pasienten er ei av sjukepleiarane sine viktigaste oppgåver og sjukepleiar har difor ei viktig rolle i forumet. Sjukepleiar er og viktig med omsyn til å kvalitetssikre informasjon som kjem fram i forumet.

Hovland fekk sin artikkel godkjent for publisering 30. mars og du kan lese heile artikkelen i Vård i Norden her.


Sist endra: 24. august 2011 12:14:30