Forskingsrådet har peikt ut tre nye nasjonale sentra for miljøvennleg energi. HSF og Vestlandsforsking er med i eitt av desse.
Saman med VF er HSF partner i eit av dei tre nye nasjonale sentraene for miljøvennleg energi (FME) som blei utpeikte av Norges forskingsråd i dag. Det virtuelle forskingssenteret CenSES legg vekt på studiar og avgjerdsstøtte som skal fremje eit nytt bærekraftig energisystem.
CenSES integrerer innsikt frå energiøkonomi, energisystemanalyse, statsvitskap, sosiologi, innovasjonstudiar, teknologi- og vitskapsstudiar. Hovudmålet er å betre avgjerdsunderlaget for framtidas energistrategi, på brukar– og systemnivå, for avgjerdstakarar både i industrien og det offentlege. CenSES, "Centre for Sustainable Energy Studies/Senter for bærekraftige energistudier", blei etablert i 2009 som eit samarbeid mellom NTNU, UiO, SINTEF, IFE, NHH, SNF, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.
Senteret vil fullt utbygd bestå av om lag 60 professorar, forskarar og phd-stipendiatar frå åtte ulike forskingsmiljø. I første omgang får vi (HSF og VF) 1-2 nye stipendiatstillingar, driftsmidlar og tilgang til ein forskarskule i nettverket. Med dette er første etappe i utbygginga av forskingsprogrammet i fornybar energi fullført. Programmet har no heile sju eksternt finansierte stipendiatstillingar.
Sist endra: 15. februar 2011 17:41:45