Mikroskop, nettforum, statistiske modellar, oksygenopptaksmålar, kolbar, robotar og overvakingsmaskiner. Det er nokre av verktøya du blir kjend med på Forskingsdagane 2010 ved høgskulen.
Verktøy i forskinga er tema for årets forskingsdagar. Dei blir markert frå 23. september til 3. oktober over heile landet. Høgskulen har også ei rekkje interessante arrangement som er opne for alle interesserte.
Det heile blir sparka i gang med eit Vilvite-torg på Skywalken i Handelshuset i Førde, laurdag 25.september. Der kan borna få sjekka om Bamse har teddyfeber eller berre treng litt Nonstop-medisin. Om du er i tvil om kor mange kompresjonar og innpust som skal til i hjarte- og lungeredning kan du delta på oppfriskingskurset som blir halde same stad. Det blir konkurransar og rebusløp og ikkje minst muligheit til å teste ut fleire av forskarane sine verktøy. Les meir om programmet på Skywalken.
Norsk Bremuseum arrangerer dagen før Forskarnatt i Sogndal. På Sogningen Storsenter forklarar forskarar korleis Vestlandsnaturen arkiverer klimaendringar og om kvelden kan du teste klimakunnskapen din på pubquiz på Meieriet
Det kan du få svar på tysdag 28. september på Fosshaugane Campus i Sogndal. Ferske resultat frå ei landsomfattande undersøking om fysisk aktivitet blir lagt fram, med spesiell fokus på resultata frå Sogn og Fjordane. Det blir også høve for alle til å teste sin eigen fysiske form i laboratoriet til idrett. Les programmet for arrangementet.
Historieinteresserte må setje av onsdag 29.september. Då jaktar HSF på fortida og fortel om kjeldebruk og historieformidling. Regionale skilnadar i utvandringsmønsteret i Sogn og Fjordane er mellom anna tema samt at ein kan høyre om den digitale framtida til arkivet og folkemuseet si rolle i framtida. Sjå heile programmet for historiearrangementet.
Samstundes blir det høgtideleg opning av Utviklingssenteret i Førde. I tillegg til talar frå ordførar og politisk rådgjevar frå Helse- og Omsorgsdepartementet, blir det filmframsyning, konsert og kunstvandring. Ny forsking samt fag- og kvalitetsutvikling blir også sett på dagsorden på Vie denne dagen. Les meir om programmet ved Førde Helsetun.
Forskingsdagane i regi av HSF blir avslutta med 20 opne foredrag på Vie fredag 1. oktober. Overvekt, verktøy i forskinga, perspektiv på diagnosar og sjukdom, læring og forbetring, born og unge samt teknologi og omsorg er hovudtema for dei mange foredraga. Og med tilbod om det ernæringsmessig perfekte måltid burde dagen legge til rette for noko for ein kvar smak! Les meir om kva foredrag du bør få med deg.
I samband med Forskingsdagane 2010 har fleire tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane også levert kronikkar om engasjerande og brennbare tema. Følg med i avisene og bli med i debatten!
HSF samarbeider med Helse Førde, Undervisningssjukeheimen, Fylkesarkivet og de Heibergske Samlingar – Sogn Folkemuseum om dei ulike arrangementa.
Sist endra: 22. september 2010 07:49:07