Tilgang utanfrå

Illustrasjonsfoto

Biblioteket tilbyr deg som er tilsett eller student ved HSF, tilgang til ei rad databasar, oppslagsverk og tidsskrift.

Når du arbeider utanfor vårt nettverk, er du avhengig av å kunne logge på desse tenestene.

Intranettet

Det enklaste er å logge på intranettet til HSF for å få tilgang. Denne pålogginga finn du øvst til høgre på biblioteksida.
Du finn og påloggingsknappen på same stad på student og tilsette sidene.

NB! Ved pålogging heimanfrå er det viktig at du skriv www.hisf.no i url feltet.
Det er ikkje godt nok å skrive kun hisf.no, www må altså og vera med.
Har du framleis problem kan årsaka vere at det kan liggje att nedlasta data/cookies på din pc som overstyrer dine seinare val.
Då må du starte maskina på nytt. (evt. prøv å leggje ned nettlesaren).
Når du loggar deg på intranettet hender det at nettlesarprogrammet ditt spør om du vil sjå alt, både sikre og usikre sider.
Då skal du svare ja for å få tilgang til alt innhald under biblioteket sine nettsider.

Når du så er komen inn, klikkar du på lenka med namnet ditt oppe i høgre hjørne.
Dette gjeld for basane:

For helsefaglege databasar er det naudsynt å registrere seg (individuelt) i Helsebiblioteket før du får tilgang utanfor nettverket (det gjeld Amed, Embase og PsycINFO).
Gå til Helsebiblioteket og logg inn øvst til høgre og registrer deg så.
Hugs å fylle ut studiestad og studentnummer.

Samla oversikt over databasane

Informasjon og oversikt over kva databasar som er tilgjengelege for HSF ligg her.
Me gjer merksam på at bruk av databasar og tidsskrift pga lisensavtalar kun kan nyttast i samband med studium eller arbeid ved HSF.
Tidsskriftsartiklar skal ikkje vidaresendast til personar som ikkje er tilknytta HSF.

Brukarnamn og passord

Nokre av basane krev brukarnamn og passord når du er utanfor nettverket. Du finn informasjon om dette i Fronter - eller du kan kontakte biblioteket.

Dine lån i Bibsys

For dei fleste vil det vera aktuelt å kunne logge seg på i Bibsys for å sjekke eigne lån, reserveringar og kunne fornye. Du får tilsendt passord i Bibsys på di epostadresse.
Er du i tvil om kva som er din brukarident, ta kontakt med biblioteket.



Sist endra: 07. mars 2012 10:55:04