Bibliotektenester til fjernstudentar

Studentar som er knytte til HSF gjennom fjernundervisning, desentraliserte studium eller nettstudium, kan nytte biblioteket sine tenester. Biblioteket har som målsetjing at fjernstudentar skal få tilgang til dei same bibliotektenestene som studentar som oppheld seg på campus.

Lån

Som brukar kan du tinge lån og kopiar gjennom Bibsys. Vi effektuerer lån frå eiga samling og ordnar med innlån frå andre bibliotek. Dersom avstanden er for stor til at du kan hente bøker og artikkelkopiar sjølv, sender vi dei gratis i posten. Returen må stå for lånaren si rekning.

Lånekort

Studentkortet fungerer som lånekort for nye studentar. Låntakarnummeret står over strekkoden på baksida av kortet (t.d. hsf7001415).

Forny sjølv

Ved å logge på Mi Side i Bibsys kan du få oversyn over eigne lån og reserveringar, og du kan forlenge lånetida sjølv. Du skaffar deg passord ved første pålogging.

Bibsys

Biblioteket sine samlingar er registrerte i BIBSYS, det felles biblioteksystemet for universitet- og høgskulebiblioteka, Nasjonalbiblioteket og fleire fag- og forskingsbibliotek i Noreg. Lær deg å søke (demo med lyd og bilete) i Bibsys og (demo med lyd og bilete).lær deg korleis du bestiller i Bibsys

Bruk også hjelpesidene i programmet!

Tilgang til andre databasar

Det enklaste er å logge på intranettet til HSF for å få tilgang. Denne pålogginga finn du øvst til høgre både på biblioteksida og på studentsida.
Du får då opp peikarar til basane:

For enkelte helsefaglege databasar er det naudsynt å registrere seg individuelt i Helsebiblioteket før du får tilgang utanfor nettverket (det gjeld Amed, Embase og PsycINFO). Gå til Helsebiblioteket og logg inn øverst til høgre og registrer deg så. Hugs å fylle ut studiestad og studentnummer.

Ein siste måte å få tilgang på er å logge deg på Fronter og finne brukarnamn og passord for den enkelte base der. Gå til biblioteket si oppslagstavle!

Kurs/opplæring

Det vert tilbydd undervisning i informasjonssøking i samarbeid med studieansvarleg.

Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål!



Sist endra: 16. november 2011 10:47:48