Nærare 200 nye studentar var samla til høgtideleg opning i den nye høgskuleparken på Vie.
Det mest gledelege for dette studieåret, er at ingeniørstudiet i år hadde ekstra mange som møtte til studiestart. I år er det også oppstart for to kull på sjukepleieutdanninga, både heiltid og samlingsbasert. Dei frammøtte studentane vart tekne imot slik vi alltid gjer det i Førde når det er godt vêr - ute i vårt intime amfi ved elvebreidda. Utover dagen gjekk det slag i slag med presentasjon av lærarar og studentar, registrering, fotografering, grilling og omvisning, både på skulen og i Førde by. Første studiedagen vart avslutta med ein vellukka kveld på studentkroa Akutten.
Sorg og glede - hand i hand
Isenlin Solheim frå Naustdal framførte eigenkomponert musikk og vakker song til dei frammøtte.
Rektor Åse Løkeland opna si tale med å ønskje både norske og utanlandske studentar velkommen til høgskulen i Sogn og Fjordane. I år er det 1000 nye studentar som skal starte sine studier ved HSF. Dette er ny rekord!
Opning av eit nytt studieår er vanlegvis ei udelt glede, men i år vart det annleis. Vi kunne ikkje kome utanom terrorhandlingane på Utøya, der ein av våre studentar miste livet. Hanne Kristine Fridtun vart berre 20 år. Ho var student ved sjukepleieutdanninga og skulle ha teke til på andre året i haust. For å minnast Hanne Kristine, alle ofra frå Regjeringskvartalet og på Utøya og i respekt for alle som har lidd tap, bad rektor om 1 minutt stille.
Studentar, tilsette ved HSF og næraste familie hadde minnestund for Hanne Kristine 15. august.
Oppfordringa frå rektor til studentane var å slå ring om demokratiet og å vere med på å utvikle eit raust, inkluderande fellesskap som tåler og dyrkar meiningsbryting.
|
|
Viktig med engasjement
Frå Førde kommune stilte rådmann Ole John Østenstad. Han ønskte studentane hjarteleg velkommen til Førde by, og oppfordra studentane til å delta aktivt i samfunnslivet i kommunen.
Studentmiljøet i Førde blir stadig betre, og kan i år tilby eit breiare tilbod enn nokon gong. Oppfordringa frå leiar av Studentsamfunnet i Førde, Ole Kristian Førsund var klar. Studentar - engasjer dykk!
|
|
Professoren i baren og dekanen som vakt på studentkroa
Dei tilsette stilte som vakter, bartenderar og ryddehjelper då studentane hadde opningsarrangementet sitt på kroa Akutten om kvelden. Den nytilsette professoren ved avdeling for helsefag, Maj-Britt Råholm, tykte det var kjekt å stå i baren, og studentane var tydeleg glade for initiativet frå dei tilsette.
Opninga lovar godt for eit flott studieår! Sjå fleire bilde frå opninga i Førde på Facebook
|
|
|
Sist endra: 19. august 2011 15:37:05