Start sjukepleieutdanning i januar

Høgskulen i Sogn og Fjordane er den einaste utdanningsinstitusjonen på Vestlandet som tilbyr opptak til sjukepleieutdanninga i januar.

Sjukepleieutdanninga i Førde er ved fleire høve evaluert som den beste i landet, seinast i Stud.mag 2007 og Nautilus 2008. Høgskulen ligg like ved Førde sentralsjukehus og nærleiken til praksis er noko av det studentane framhevar ved utdanninga. Våre fagtilsette gjev deg undervisning av beste kvalitet og nær oppfølging gjennom heile studiet. Høgskulebygget har eit eige moderne sjukepleiesenter der mykje av undervisninga føregår.

Auka behov for sjukepleiarar

Undersøkingar frå SINTEF syner at eldrebølgja vil gje dramatiske utslag i helsevesenet dersom befolkninga framleis ligg like ofte og like lenge på sjukehus som i dag, Berekningar frå SINTEF syner at om bruken fortsetter slik vil det verte behov for 5000 nye sengeplassar i sjukehusa innan 2030 og mellom 40 og 50 % av veksten i den yrkesaktive befolkninga må gå til helse- og sosialsektoren. Som sjukepleiar vel du eit meiningsfullt yrke der det er stor trong for arbeidskraft.

Ny utvida søknadsfrist er 10. desember.

Du kan lese meir om bachelor i sjukepleie og korleis du søkjer her.


Sist endra: 02. desember 2010 15:21:49