- For oss er det viktig å sjå korleis ting føregår ved høgskulen og gjere samarbeidet betre kjent. Det sa direktør for SOS barnelandsbyar i Zambia, Florence Phiri, då ho vitja Sogndal i midten av oktober.
Det formelle Samarbeidet mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og SOS Barnelandsbyar i Zambia kom i stand i 2010. Avtala gjer det mogleg for studentar som tek del i studiet Global Knowledge og som utdannar seg innan lærar, førskulelærar og sosialarbeidarutdanningane, å ha praksis hjå SOS Barnebyer i Zambia.
- Sidan 2009 har vi kvart år hatt studentar i praksis der, og erfaringane er veldig gode. 10 studentar har hatt praksis ved SOS Barnebyer som del av Global Knowledge. Og så har vi avtaler med mange andre institusjonar i Zambia også. Alle studentane som har vore der stortrivst og får ei oppleving for livet, seier fagansvarleg for Global Knowledge, Ane Bergersen.
I år er også den første studenten frå SOS Barnebyer i Zambia på utveksling i Sogndal. Agness Ngulube er førskulelærar og har vore i Sogndal i to månadar. – Eg har lært mykje berre på den korte tida. Ikkje berre eg, men også arbeidsplassen min og ikkje minst borna der eg arbeider vil dra nytte av kunnskapen eg får her, seier ho. Medan ho studerer ved høgskulen lærer ho om Noreg og det norske samfunnet og ho skal også ha praksis i ein lokal barnehage.
For Florence Phiri er det godt å høyre, for ho er særs oppteken av at utvekslinga skal gje studentane lærdom som også kjem andre til nytte. – I Zambia er det lite fokus på opplæring på barnehagenivå. Det er likevel teikn på at dette blir meir vektlagt i tida framover, og då treng vi fleire med kompetanse innan desse emne som kan vere med å påverke utviklinga i sektoren.
- Dei norske studentane som har vore hjå oss i Zambia har vi lært særs mykje av og det har vore ei glede å ha dei der. No håpar vi å kunne utvide samarbeidet slik at også lærarstudentar og idrettsstudentar kan kome og ha praksis hjå oss, seier Phiri.
For Lars Gill, programkoordinator frå SOS Barnebyer i Noreg, var det spanande å høyre om samarbeidet mellom høgskulen og Zambia. – SOS Noreg har fleire avtalar i Zambia, og det hadde vore spanande å inkludere høgskulen på fleire fagområde. Vi driv primært barnehagar, skular og innan sosialt arbeid, men har også prosjekt innan helse og idrett. Høgskulen i Sogn og Fjordane har mykje kompetanse på alle desse områda, så eg ser ikkje vekk i frå at vi kan få eit breiare fagleg samarbeid, avsluttar Gill.
Sist endra: 17. oktober 2011 12:45:25