Rektor Åse Løkeland er tilsett for ein ny åremålsperiode i HSF

Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde tilsetjing av rektor som ei av sakene på møtet den 16. desember.

Det var to søkjarar då søknadsfristen gjekk ut, men den andre søkjaren trekte sin søknad.

- Har ein éin god søkjar er det nok, seier styreleiar Heidi Kathrin Osland, som er veldig glad for at Åse Løkeland søkte rektorstillinga då den vart lyst ut i haust. Heile styret var tilfreds med at Åse Løkeland alt tidleg i haust gav uttrykk for at ho var motivert for fleire år i rektorstillinga. Tilsetjingssaka var dermed ei enkel sak å behandle, seier Osland.

- Det er ikkje å leggje skjul på at det tek si tid å komme skikkeleg inn i ei stilling som rektor ved ein høgskule. Når åremålsperioden er på fire år, betyr det at det er til det beste at ein rektor sit meir enn éin periode.

- Vi tykkjer vi er inne i ein god periode for høgskulen no. Bygginga av sentralbygget i Sogndal har komme i gang, og studenttalet har hatt pen vekst dei to siste åra. Når vi i tillegg får god kontinuitet i drifta ved at rektor held fram, er det noko vi er godt fornøgd med, avsluttar Osland.


Sist endra: 16. desember 2010 19:24:43