Per Jarle Sætre har fått opprykk til dosent

Bilete av dosent Per Jarle Sætre, HiSF
Dosent Per Jarle Sætre, HiSF

HiSF-tilsett med vesentleg bidrag til den miljø- og fagdidaktiske utviklinga innanfor geografi.

Per Jarle Sætre ved Avdeling for samfunnsfag fekk i styremøte 16. juni opprykk til dosent.

Vurderingskommisjonen* vurderte kompetansegrunnlaget slik:

Per Jarle Sætre vart tilsett ved Sogndal lærarhøgskule 1993, og frå 1994 ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for samfunnsfag. Sætre har i hovudsak undervist i Natur, samfunn og miljø ved allmennlærarutdanninga, i samfunnsfagdidaktikk for PPU-studentar og om globalisering og miljø ved årsstudiet i samfunnsfag og det internasjonale studiet Global Knowledge. I 2009 disputerte han med avhandlinga Geografi i tekst og bilde

*Vurderingskommisjonen var sett saman av:

Stilling som dosent er ”tilsvarende professorkompetanse”, som det heiter i departementet sine retningslinjer for stillinga (09.02.2007). Ein viktig forskjell i vurderingskriteria er at dosentstillinga har ein meir samansett vitskapleg og fagleg kompetanseprofil enn professor.


Sist endra: 15. august 2011 14:42:51