Mot eit multikulturelt Sogn og Fjordane

Grete Netteland skal leie det første forskingsprosjektet om innvandrarar her i fylket

Saman med Vestlandsforsking har HSF fått midlar til det første forskingsprosjekt her i fylket som skal sjå nærmare på korleis ein betre kan lykkast med å integrere innvandrarar

Prosjektet skal gjennom tilrettelegging av regional digital informasjon, digitale tenester, program og tiltak og bruk av nye medium bidra til at innvandrargruppene får auka innsyn i og tilgang til lokalsamfunn, arbeidsmarknad og relevant utdanning. På denne måten kan dei verte meir synlege og kan involvere og engasjere seg i lokaldemokrati og nærmiljø.

Regionalt forskingsfond

Det er Regionalt forskingsfond for Vestlandet som har løyvd midlar til prosjektet. Dette fondet hadde si første tildeling i slutten av september. I kategorien Offentlege prosjekt var det berre to prosjekt som fekk tilslag. Det éine av desse var altså HSF/VF-prosjektet "Towards a multicultural community: Is minority integration a bumpy road or a superhighway?" Sjå meir om tildelingane her.

HSF har prosjektleiinga

Prosjektet er utvikla av forskarar frå VF og HSF. Førsteamanuensis ved AØR, Grete Netteland, er leiar for prosjektet. Prosjektet vert administrert ved Vestlandsforsking. Forskingsrådet gjennom Regionalt forskingsfond for Vestlandet stiller opp med halvparten av midlane, medan aktørar som Kommunenes Sentralforbund, fleire kommunar i fylket, fylkeskommunen, IMDI og NAV også stiller opp med midlar og eigeninnsats.

Hovudspørsmåla i prosjektet

1. Skaffe kunnskap om korleis kommunar, fylkeskommune, fylkesmann og NAV i Sogn og Fjordane legg til rette for integrering av innvandrarar, spesielt gjennom introduksjonsprogram og bruk av ikt og elektroniske medium

2. Identifisere utfordringar og kome med framlegg til korleis offentleg sektor (aleine eller saman med privat sektor) kan leggje til rette for auka bruk av ikt til informasjon, tenester, introduksjonsprogram og tiltak med det mål å auke innvandrarane si medverknad i samfunns- og arbeidsliv

3. Utvikle og etablere gode modellar på digital informasjontenester/program/tiltak for innvandrarar i Sogn og Fjordane samt vurdere om det kan vere aktuelt å utvikle ein digital fylkesdekkande innvandrarportal

4. Sikre ei kompetanseheving og mobilisering av offentleg og privat sektor slik at desse i større grad legg til rette for og marknadsfører informasjon og tenester for innvandrarane på deira eige språk (eventuelt engelsk)


Sist endra: 07. oktober 2010 11:59:31