Kraftig auke i søkinga til HSF

Rekrutteringsansvarleg og opptaksleiar er godt nøgde med resultatet so langt
Rekrutteringsansvarleg og opptaksleiar er godt nøgde med resultatet so langt

Årets søkjartal til høgre utdanning er offentleggjorde frå Samordna Opptak. Tala gjer HSF til ein av vinnarane i årets opptak til høgre utdanning.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått 1167 primærsøkjarar til 803 ledige studieplassar. Det er 19% fleire søkjarar enn i fjor. På landsbasis er det 5% auke i søkjartalet. Ser ein fem år attende, er det ingen institusjon, korkje universitet eller høgskule i Noreg, som har like sterk auke i rekrutteringa av studentar som HSF. Søkjartalet i 2011 er 65% høgre enn det var i 2007.

Samordna Opptak sine tal viser at det per 15. april er 108 605 personar som har søkt opptak til høgre utdanning gjennom det nasjonale samordna opptaket. Det er vel 5000 fleire enn i fjor. - Talet på søkjarar til høgre utdanning er høgre enn nokon gong tidlegare, seier studiedirektør Terje Bjelle. Det gjenspeglar både at ein stadig større del av ungdomskulla tek høgre utdanning og at årskulla som går inn i høgre utdanning (dei som no er kring 20 år gamle) er store på landsbasis.

Nasjonalt er det i år fleire som søkjer opptak til mellom anna økonomisk-administrative fag, samfunnsfag og idrett. Utdanningar som har ei svakare rekruttering enn i fjor er mellom andre jus, sjukepleie og medisin. – Det seier kanskje noko om at dei utdanningssøkande ser relativt lyst på dei økonomiske utsiktene framover, seier Bjelle.

Eksplosiv vekst for eigedomsmekling
Ved HSF har bachelorstudiet i eigedomsmekling auka tal primærsøkjarar frå 30 i fjor til 75 i år. - I prosent blir det +150, seier opptaksleiar Arnstein Menes, og meiner det må vera rekord ved HSF. Andre utdanningar med markert auke i rekrutteringa er sosialarbeidarutdanningane (barnevern, sosionom og vernepleie), geologi og reiesliv. Høgskulen sine idrettsstudium held fram den positive utviklinga frå dei siste åra, og også fonybar energi, landskapsplanlegging, engelsk og dei samfunnsfaglege bacherlorstudia har fin auke i søkjartala. For lærarutdanningane er rekrutteringa som i fjor. - Det er rett og slett vanskeleg å finna negative trendar her, seier Menes. Det måtte vera ingeniørutdanninga, som har færre søkjarar i det samordna opptaket enn i fjor, men her meir enn kompenserer me med solid søking i lokale opptak via det som blir kalla y-veg og tresemesterordning.

Sterk søking til mastergradsutdanningane
I tillegg til grunnutdanningane med nasjonalt samordna opptak, rekrutterer høgskulen også studentar til vidareutdanningar og mastergradsutdanningar gjennom lokale opptak. – Det er jamt over god søking også her, seier opptaksleiar Menes. Mastergradsutdanningane i organisasjon og leiing og idrett har begge 70-80 søkjarar, og også mastergraden i undervisning og læring rekrutterer tilfredsstillande. Det same gjeld vidareutdanningane for lærarar og helse- og sosialarbeidarar. Og til praktisk-pedagogisk utdanning har det meldt seg 123 søkjarar, noko som også er svært høgt.

Brei geografisk rekruttering og solid grep på dei unge søkjarane
I år har vel 55% av dei som har HSF som første studieønske heimstadadresse utanfor Sogn og Fjordane. Spesielt er det sterk auke i søkinga frå Hordaland. 252 personar busette i Hordaland (mot 163 i fjor) har ført opp at dei helst vil studera ved HSF. – Men sjølvsagt er ”heimemarknaden” viktig for oss, presiserer rekrutteringsansvarleg Åse Neraas. Og i år er me godt nøgde me søkjartala også her. 532 personar med heimstadadresse i Sogn og Fjordane (mot 485 i fjor) har ført opp HSF som førsteønske.I tillegg kjem alle dei som tek vidareutdanningar og søkjer opptak til mastergrader hjå oss. Her er majoriteten av søkjarane frå heimefylket.
-Det er også svært gledeleg at me lukkast i møtet med dei unge utdanningssøkande. 62% av primærsøkjarane våre i det nasjonale samordna opptaket er 22 år eller yngre, seier Neraas. Og når det gjeld den yngste aldersgruppa, dei som fyller 19 i år, er det berre to andre institusjonar som har relativt fleire søkjarar enn oss. Det er viktig for HSF, avsluttar Åse Neraas med eit breitt romsdalssmil.


Sist endra: 28. april 2011 15:04:53