Internasjonalt samarbeid mellom HiSF og Namibiaforeningen

Høgskulen i Sogn og Fjordane skal vere med å utvikle entreprenørskapsfaget i vidaregåande skule og i lærarutdanninga i Namibia.

Sidan 2009 har Namibiaforeningen hatt prosjektavtale med det Namibiske Utdanningsdirektoratet (NIED, National Institute for Education and Development) om utvikling og oppfylgjing av pedagogisk entreprenørskap på ungdomstrinnet og i lærerutdanninga med fagleg bistand fra Noreg. Namibia ynskjer no å vidareutvikle og implementere entreprenørskap også i vidaregåande skule, og i lærerutdanninga ved Universitetet i Namibia.

Namibiaforeningen og Høgskulen i Sogn og Fjordane har inngått ein intensjonsavtale for perioden 2012 -2014. Avtalen inneber at HSF skal bidra med fagleg kompetanse og rettleiing i entreprenørskap og andre potensielle fag.

Nytilsett førsteamanuensis Inger Karin Røe Ødegård er høgskulen sin representant i samarbeidet. Olav Osland er leiar for Namibiaforeninga.


Sist endra: 21. oktober 2011 10:54:40