Dei femten nye frie studieplassane som ligg inne i statsbudsjettet for 2011, betyr størrre handlingsrom for høgskulen.
Alt førre veke fekk universitets- og høgskulesektoren informasjon om dei nye studieplassane som regjeringa no opprettar for å komme i møte veksten i ungdomskulla. Fordelinga mellom institusjonane er gjort ut i frå prognosar for vekst, og dette betyr størst vekst i byane.
At HSF får midlar til femten nye studieplassar, betyr at høgskulen har ein litt romslegare situasjon ved planlegginga av studieprogrammet, og det er opp til høgskulen sjølv å finna ut korleis studieplassane skal brukast for også å bidra til fleire studentar.
Dei 45 studieplassane høgskulen fekk i 2009, vert vidareført, noko som høgskulen alt har lagt inn i budsjettprognosane.
Stipendiatstillingar er forskarstillingar som skal bidra til at høgskulen kan knyte til seg forskarar og på den måten byggje opp kompetansen og få fleire tilsette med doktorgrad. For 2011 fekk HSF ingen nye stipendiatstillingar.
Statsbudsjettet følgjer opp Sentralbygget som alt er under bygging, med ei utstyrsløyving på 53,7 mill kroner.
- Dessverre vert det ikkje sagt noko om kjøp av Gymnasbygget i Sogndal i statsbudsjettet, seier assisterande rektor Hans Jørgen Binningsbø. Akkurat det er litt skuffande, spesielt fordi det har komme til ei rekkje andre prosjekt innan sektoren, som vert omtala. Vi ser at vi har ein veg å gå for å få på plass kjøp av Gymnaset, noko som er heilt nødvendig for å komme i mål med samlokaliseringa på Fosshaugane Campus.
- Elles ligg finansieringssystemet for universitets- og høgskulesektoren fast. Det er ikkje noko som tyder på at regjeringa vil gjere endringar her. Det betyr at det er ro og stabilitet, sjølv om det er skeivheiter som fleire i sektoren gjerne såg vart endra, seier Binningsbø.
Sist endra: 05. oktober 2010 12:09:06