Fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rektor Åse Løkeland signerte fredag 11. november avtalen om at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal skrive fylkessoga for Sogn og Fjordane. Fylkestinget sette av åtte millionar kroner til dette arbeidet i desember 2010.
– Eg trur fylkessoga vil vere med å stadfeste identiteten vår her i fylket. Det er viktig å dokumentere og systematisere mangfaldet av aktivitet som dette fylket har bidrege med gjennom mange generasjonar. Samstundes er eg oppteken av at soga skal vere eit viktig kjeldemateriale til inspirasjon for komande generasjonar, seier Kjelsnes.
Fylkessoga vil ta føre seg den økonomiske utviklinga, folketalsutviklinga, kulturelle og sosiale tilhøve, administrative endringar og viktige institusjonar i fylket. I avtalen vert det lagt opp til at manuset til fylkessoga skal vere ferdig til 1. juli 2015. Bokverket skal vere på om lag 1200 sider fordelt på fire bind.
– Mange ungdomar seier identitetskjensla til heimfylket er noko av det som gjer at dei er glade i Sogn og Fjordane. Eg ønskjer å bruke materialet frå fylkessoga aktivt for å marknadsføre Sogn og Fjordane som eit fylke med sterke røter og optimisme for framtida, seier fylkesordføraren.
Rektor ved høgskulen, Åse Løkeland, seier prosjektet er ei anerkjenning av historikarmiljøet ved høgskulen, og at det gjer det mogleg å styrkje det faglege miljøet på ein unik måte. Høgskulen skal samarbeide med Høgskulen i Volda og NTNU i Trondheim der professor Ola Svein Stugu vil bli knytt til arbeidet.
Statsarkivet i Bergen, Bergen Museum og Universitetsbiblioteket i Bergen vil i tillegg vere viktige bidragsytarar når det gjeld kjeldetilfang.
– Prosjektet gjer med andre ord at vi får knytt sterkare band mellom ulike historikarmiljø. Vi får også tilsetje fleire fagfolk hjå oss. Alt dette er veldig positivt. Hjå oss vil førsteamanuensis Oddmund L. Hoel og førsteamanuensis Anders Timberlid vere sentrale i dette arbeidet, seier Løkeland.
Avtalen mellom fylkeskommunen og avtalen legg vekt på at også arkivmaterialet til Fylkesarkivet skal vere ein viktig del av primærkjeldene.
Arkiva, samlingane til og tilsette ved musea i fylket vil vere viktige bidragsytarar til arbeidet med fylkessoga. Avtalen legg også vekt på at dette arbeidet skal gje ringverknadar for den historiske grunnforskinga i Sogn og Fjordane.
Sist endra: 11. november 2011 15:25:50