Høgskulen i Sogn og Fjordane produserer leiarar på løpande band

Programansvarleg Øyvind Glosvik er godt fornøgd med at masterstudiet i organisasjon og leiing er attraktivt både i Sogn og Fjordane og Hordaland
Programansvarleg Øyvind Glosvik er godt fornøgd med at masterstudiet i organisasjon og leiing er attraktivt både i Sogn og Fjordane og Hordaland

Masterstudiet i organisasjon og leiing ved HiSF er i ferd med å etablere seg som ein viktig leverandør av nye leiarar til utdanningssektoren, helsestellet og velferdstenestene i Sogn og Fjordane og grannefylka.

Nyleg har masterstudent nummer 47 og 48 fått sine eksamenspapir, begge med gode resultat.

Bringer fram ny og nyttig kunnskap

Gjennom masteroppgåvene som vert skrivne med utgangspunkt i den verkelege kvardagen, bidreg studentane til å få fram ny kunnskap.

Den eine av dei to sist uteksaminerte er sosionom Kristine Nilsen, tilsett ved eit NAV-kontor i Hordaland. Ho har sett på korleis NAV-reforma har påverka kvardagen til dei tilsette i den kommunale sosialtenesta.

Den andre, sjukepleiar Irene Valaker, tilsett ved sjukepleiarutdanninga ved HiSF, har studert korleis organisering av samhandlinga rundt pasientane påverkar kvaliteten på oppfølginga av dei som har hatt hjerteinfarkt.

Oppgåvene har tema som er ganske representative for kva masterstudentane arbeider med. Kunnskapen som kjem fram, er ofte nyttig for leiarar som har ansvar for å utvikle kvaliteten på offentlege tenester.

Attraktivt studium

Masterstudiet i organisasjon og leiing er no i avslutningsfasen for det tredje kullet etter oppstarten i 2004. Med 48 uteksaminerte så langt har ein godt og vel oppfylt målsetjinga. Ved opptaka til dei to siste kulla, der det eine er lokalisert til Bergen, har søkjartala stige kraftig. Dette kan tyde på at studiet og kandidatane for alvor er i ferd med å bli lagt merke til blant dei som arbeider i offentlege profesjonssektorar.

Fagleg påfyll også seinare

Emneansvarleg for masteroppgåva Oddbjørn Bukve seier at ein i tida framover vil sjå på korleis dei ved studiet kan gje eit fagleg tilbod til tidlegare studentar også, til dømes gjennom seminar. På nyåret i 2012 vil masterstudent nr 50 har fullført, og då kan det høve med eit jubileumsseminar, seier Bukve. Fagmiljøet med programansvarleg Øyvind Glosvik i spissen er i ferd med å leggje slike planar.

Studieinformasjon om master i organisasjon og leiing med to spesialiseringsretningar:

Helse- og velferdssledelse

Utdanningsledelse


Sist endra: 11. oktober 2011 14:00:34