Ekspert på fysisk aktivitet i skulen

Bilete av førsteamanuensis Geir Kåre Resaland
Førsteamanuensis Geir Kåre Resaland

Førsteamanuensis ved HSF Geir Kåre Resaland skal neste år til USA og presentere forskingsresultata sine omkring det å late skuleborn drive dagleg fysisk aktivitet i skuletida.

Resaland vann nyleg Nycomedprisen for 2010 ved Idrettsmedisinsk Høstkongress i Kristiansand.

Av seks nominerte føredrag vann Resaland saman med sine to medforfattarar prisen for beste frie føredrag med tittelen:"60 minutt dagleg fysisk aktivitet i skulen over to år”

Resaland tok i vår doktorgraden på prosjektet "60 minutt dagleg fysisk aktivitet". Formålet med prosjektet var å evaluere effekten av dagleg fysisk aktivitet i skulen på fysisk form og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar, og å skildre samanhengar mellom fysisk form og opphopning av risikofaktorar for hjarte- og karsjukddommar.

Studiane til Resaland (skuleintervensjon med fysisk aktivitet) vart utførde blant elevar i 4. og 5. klasse med ei kontrollgruppe på same klassetrinn ved ein annan skule.

Bodskapen frå Resaland vert teken vel imot i mange fagmiljø, ikkje minst mellom dei som har med borns oppvekst å gjere, og dei som arbeider med førebygging innafor helse. Neste år skal amerikanerane som deltek på den årlege konferansen til American College of Sports Medicine (ACSM) i 2011 i Denver, Colorado få høyre bodskapen frå Resaland og co.

Fleire andre forskingsprosjekt ved HSF omkring fysisk aktivitet har sitt utspring i denne studien.


Sist endra: 10. november 2010 14:50:51