Djupdykk i forskinga

Eit fullsett auditorium følgde spent med på kontroversane innan fedmeforsking.
Eit fullsett auditorium følgde spent med på kontroversane innan fedmeforsking.

Fredag samla forskingsinteresserte seg på Vie for å få ny kunnskap om spanande emne og dei mest aktuelle forskingsprosjekta i høgskulen og Helse Førde.

John Roger Andersen og Geir Kåre Resaland sette tonen for dagen ved å presentere to ulike forskingsperspektiv på overvekt. Er det greitt å vere overvektig dersom du er i god form? Nærare 130 tilhøyrarar fekk høyre om rumpetid, om det er greitt å vere fitfat og om korleis fedme blir påverka av både fysisk aktivitet og genar. Myten som at nordmenn er meir aktive enn andre, vart vel også knust, sjølv om Sogningane og Fjordingane er i meir aktivitet enn landsgjennomsnittet. De to forskarane var samde om at det er beter å ha eit par kilo for mykje og vere fysisk aktiv, heller enn å vere slank og aldri løyse sveitten.

Allsidig forsking

Samarbeidet om fedme- og overvektsforskinga i Helse Førde og høgskulen, og resultata frå desse prosjekta prega deler av fagdagen. Dette forskingsmiljøet feirar ti år i år, og det føregår mykje spanande på området. Styret i Helse Førde fekk også presentert noko av dei viktigaste forskingssatsingane frå Senter for Helseforsking.

De frammøtte fekk også høyre Erik Kyrkjebø presentere det siste nye innan omsorgsteknologi og korleis framtidsscenario på feltet ser ut. Anne-Grethe Halding og Nina Johnsen Midtbø presenterte ”Min oksygenperm”, forsking om beter samhandling i behandling og omsorg for langtidsoksygenbrukarar. Haldningar til sjukefråvær hjå sjukepleiarar i Helse Førde var Lena Haveland sitt tema. Elles kunne ein høyre om leiing, organisasjon, faglege og etiske utfordringar i dne kliniske kvardagen og eldrebølgja.

- Det har vore godt oppmøte og mange gode føredrag om aktiviteten vår. Internt i de to organisasjonane er det mange som kanskje ikkje veit så mykje om kva det blir forska på, og kva konkrete funn som kjem ut av prosjekta. Dagar som dette er med på å løfte fram forskinga og synleggjere den praktiske nytten for alle, seier leiar for Senter for Helseforsking, Marit Solheim, som er særs godt nøgd med dagen.


Sist endra: 30. september 2011 15:10:58