Dette hevda maknads- og kommunikasjonssjef Brigt Samdal då han møtte skuleelevar på Open dag i Førde 5. mars.
Brigt Samdal som er marknads- og kommunikasjonssjef i Sogn og Fjordane Energi, engasjerte dei besøkande elevane med førelesinga si. Han tok føre seg utviklinga og globaliseringa i samfunnet, noko han meiner fører til at vi i dag er yngre lengre, har betre økonomi og vert meir rastlause.
Det var sjukepleie- og ingeniørutdanninga i Førde som hadde invitert elevar frå vidaregåande skular til ope hus i høgskulen sine lokale på Vie i Førde.
- Gullklokka for 25-års teneste er ikkje lenger viktig. Nye utfordringar er viktigare for oss enn ein traust kvardag, seier Samdal.
Han bør vete kva han snakkar om då han sjølv i ein alder av 38 år har vore tilsett i 8 ulike bedrifter og organisasjonar. Gjennom sitt arbeid i Flora Kommune fekk han høve til å reise som fredskorpsarbeidar til Malawi.
- Vi leigde ut huset og reiste. Ein liten kjernefamilie på to vaksne og to born. Det gav mykje på det personlege plan, seier Samdal.
Samdal har klatra raskt på karrierestigen i Sogn og Fjordane. Han har busett seg med familie i Eikefjord og meiner det er større mogelegheiter for karriereutvikling enn i storbyane.
- Du får større utfordringar i Sogn og Fjordane. Her er det betre moglegheiter for ein arbeidskarriere. Her vert du sett - i større grad enn i byane.
Nesten i alle bedrifter i vårt fylke er det mogeleg å reise ut om ein ynskjer dette, meiner Samdal. Han hevdar at dei som tek ingeniørutdaninga har store moglegheiter for arbeid både lokalt og globalt. Han trekk fram fleire spennande bedrifter, blant dei Multi Maritime og STX Florø.
-Desse er av dei beste nisjebedriftene i verda, seier Samdal, og trekk fram at STX har over 20.000 tilsette på 17 skipsverft i 7 ulike land. Her er det mogeleg å få i pose og sekk – ja takk begge delar – må vere det å strekke seg etter.
Som sjukepleiar ligg heile verda framfor deg. Du kan få arbeid både i stat, kommune, større bedrifter, private klinikkar og i ulike organisasjonar.
- Er det nokon som verkeleg opnar dørene må det vere ein sjukepleiar, seier Samdal.
Samdal tek føre seg fleire fordelar ved å studere og arbeide i trivselsfylket. Du får ein brattare karrierestige, rimelegare bustad, relativt god infrastruktur med mykje mindre stressande pendling og dessutan natur og kulturopplevingar Han anbefalar tilhøyrarane å følgje med på framtidsfylket sin nettstad, ei side som vil følgje utviklinga dei næraste 10-15 åra.
- Det handlar dessutan om å leve og nyte livet. Kva du har gjort utanom studiar og arbeid. Eg trur det er viktig å gjere andre ting, avsluttar Samdal.
Fleire artiklar frå Open dag i Førde 5. mars 2009:
Studentengasjement under Open dag
Kan tenke oss å verte sjukepleiarar
Gode ambassadørar under Open dag
Av: Bjørn Leirdal - bjorn.leirdal@stud.hisf.no
Sist endra: 06. mars 2009 11:19:10