Kultur og eldre konferanse

09 mars 2010 09:30 - 10 mars 2010 15:15

Velkomen til konferanse om kultur og helse hjå eldre. I løpet av desse to dagane vil de verte presenterte for ulike tilnærmingar til emnet - både frå eit musikalsk-, terapeutisk- og helseorientert perspektiv. Heilskapstenking kring betre helse hjå eldre er ein føresetnad for eit godt pleietilbod prega av respekt for enkeltindividet. Dette legg til rette for auka livskvalitet og bevaring av god helse hjå eldre.

Målgruppa for konferansen er tilsette/leiarar innan helse- pleie og omsorg og kultur i kommunane og helseforetaka, kulturskular, tillitsvalde, tilsette i institusjonar og frivillege organisasjonar, pårørande og andre interesserte.

Blant førelesarane: Statssekretær for statsråd i helse- og omsorgsdepartementet Roger Ingebriktsen. Musikkterapeut og lektor ved Aalborg Universitet, Hanne Mette Ridder. Professor ved Universitetet i Bergen Brynjulf Stige. Førsteamanuensis for helse og samfunn, Universitetet i Oslo Solveig Hauge.

Programmet

Prisar:

Dag 1: kr 335,-

Dag 2: kr 335,-

Middag m/kulturkveld ikkje-buande: kr 200,-

Heilpensjon i enkeltrom (alt inkludert) kr 1 650,-

Deltakarane gjer opp for eigne kostnader for konferansen direkte med hotellet.

Påmeldingsfrist: 2. mars 2010

Elektronisk påmelding

Arrangørar for konferansen er: Sogn og Fjordane undervisningssjukeheim, Førde kommune v. Folkehelse og Førde Kulturskule, Sogn og Fjordane Fylkeskommune v. Sogn og Fjordane fylkessenter for musikkterapi og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Bygg

Sunnfjord Hotel

Rom

Blir opplyst på hotellet

Kontaktperson

Jorunn Bakke Nydal


Sist endra: 08. februar 2010 12:52:54