Ynskjer du å bli betre i å halda foredrag? Skriva klårt og ubyråkratisk? Skriva nett-tekstar, referat og saksutgreiingar? Rett og slett skriva rett og god nynorsk? Studiet Ta pulsen på språket kan tilbydast for arbeidsgjevarar som ynskjer å auka kompetansen hjå dei tilsette.
Studiet har som mål å auka språkmedvitet og språkkompetansen hjå deltakarane og slik gje betra kommunikasjon mot brukarane av det offentlege sine tenester.
Hovudmålgruppa er saksbehandlarar og leiarar i offentleg forvaltning. Andre som er interesserte i godt språk, vil òg ha nytte av kurset.
Førsteamanuensis Jan Olav Fretland.
Kurset er oppbygt av:
Deltakarane må ha tilgang til pc med Internett, og deltakarane må kunna lasta opp og ned frå Internett. Kurset vert gjennomført med det elektroniske læringssystemet Fronter. Det vert gjeve opplæring i dette verktøyet.
Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Dette må du dokumentera etter påmeldinga.
Har du spørsmål om studiet, ta kontakt med HSF Oppdrag hsfoppdrag@hisf.no eller Tone Skjerdal, tlf. 57676345
Kva seier tidlegare deltakarar?
Sist endra: 22. august 2011 12:39:30