For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Skuleleiing, 45 studiepoeng, Bergen kommune

Våren 2011 starta over 30 tilsette i Bergen kommune utdanninga som kvalifiserer dei for leiarstillingar i skulen.

Studiet har deltakarar frå skulane i Bergen kommune. Det vert lagt stor vekt på tilrådingane i Stortingsmelding nr 31 (2007-2008) Kvalitet i Skolen. Studiet vektlegg skuleleiaren som fagleg leiar, samtidig som leiaren sitt arbeid med kvalitetsoppfølging står sentralt. Programmet skal vere med på å styrke Bergen kommune som skuleeigar dei komande åra.

Studieopplegget har nær tilknyting til faglege og organisatoriske utfordringar i skulen.

Organisering

Studiet er lagt opp som deltidsstudium med halv fart i forhold til eit fulltidstudium, og består av fire emne. Emna går normalt i følgjande rekkefølgje:

  • Semester 1 Framtidas leiarar innan utdanning og oppvekst (15 studiepoeng)
  • Semester 2 Skuleleiarens forvaltningsrolle, delt i ein juridisk og ein økonomisk del, kvar på 7,5 studiepoeng
  • Semester 3 Skuleleiaren som pedagogisk leiar (15 studiepoeng)

Omfang

Skuleleiing er på 45 studiepoeng. Desse tilsvarer dei tre første emna i årsstudium i utdanningsleiing og masterutdanninga i organisasjon og leiing – utdanningsleiing.

Fagleg og praktisk ansvarleg

Jon Gunnar Nesse er fagleg ansvarleg for studiet. Ei rekkje andre førelesearar frå høgskulen er involvert i undervisninga.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har engasjert Folkeuniversitetet Bergen til å ta praktiske ansvaret for samlingane og den elektroniske plattformen It's learning som vert brukt på studiet.

Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk oppdraget for Bergen kommune i konkurranse med Handelshøgskolen BI, Høgskolen i Bodø og Universitetet i Agder.

Studieplan



Sist endra: 31. mai 2011 14:47:44