Vil du bli flinkare til å rettleia studentar i skrivearbeidet deira? Rettleiing på fagtekstar er skreddarsydd for fagtilsette i høgskulen og vert tilbydd frå januar til påske i 2010.
Emnet utgjer saman med Møte med studenten studiet Rettleiing i høgre utdanning. Begge emna vart gjennomført for fagtilsette på Høgskulen i Sogn og Fjordane fyrste gong vinteren 2007-2008.
Føremålet med emnet er at deltakarane si tekstrettleiing skal føre til betre kvalitet på studentane sine tekstar og skriveprosessar. Målet er å gje deltakarane betre innsikt og handlingskompetanse i å rettleie på ulike fagtekstar, og utvikle kvalitet når det gjeld rettleiing og respons på tekstar. Det er òg eit mål å gjera deltakarane tryggare på det dei skriv sjølve.
Studiet er lagt opp med vekt på deltakaraktivitet, utprøving av ulike arbeidsformer og med ei utforskande tilnærming. Deltakarane vil arbeide med ulike oppgåver knytt til eige arbeid undervegs.
Det er fire dagar fellessamling, med ei todagars samling på Skei hotell i Jølster 21.- 22. januar og to dagssamlingar på høgskulen (Førde eller Sogndal). Emnet vert avslutta til påske i 2010.
Arbeidskrav er minimum 80 prosent deltaking på samlingane, og to mindre arbeid som tek utgangspunkt i eigen rettleiing på fagtekst. Sluttvurdering er eit refleksjonsnotat knytt til eiga skriving/eigen kommentarpraksis.
Fagansvarleg er fyrsteamanuensis Jan Olav Fretland.
Praktiske opplysningar
Opptakskrava er treårig høgskule- eller universitetsutdanning og tilsetjing i høgskulen. Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering.
Institusjonsnivået dekkjer undervisninga og kost og losji på todagarssamlinga, og avdelingane må koste frikjøp, reise og eventuelle andre kostnader til gjennomføringa.
Kva seier deltakarane?
Sist endra: 15. desember 2009 09:57:07