Årdal, Lærdal og Aurland kommunar har gått saman om å tilby tre høgskuleemne til mellomleiarane og institusjonsleiarane sine. Dei tre emna er Praktisk økonomistyring i kommunesektoren (6 studiepoeng), Praktisk personalleiing (5 studiepoeng) og Ta pulsen på språket (15 studiepoeng). Me startar med Praktisk økonomistyring i kommunesektoren. Samlingane vert i Lærdal i januar - mars 2010.
Kurset skal gjera studentane i stand til å gjennomføra ein budsjettprosess på institusjonsnivå og forstå dei prinsippa som ligg bak eit kommunebudsjett. Deltakarane skal kunna nytta dataverktøy til budsjettering, rekneskapsføring og rapportering.
Det vert fem dagssamlingar med førelesingar og oppgåveløysing. Datoar: Tysdag 19. januar, tysdag 2. og 16. februar, tysdag 2. mars og onsdag 17. mars.
Me føreset at deltakarane kan enkel bruk av excel/rekneark.
Høgskulen i Sogn og Fjordane v. Toril Partenyi er fagansvarleg. Kurshaldar er rådgjevar Kåre Træen.
Skuleeksamen, 4 timar. Alle som gjennomfører kurset får kursbevis.
Sist endra: 15. desember 2009 10:47:46