For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Leiing i framtidas barnehage, 30 studiepoeng, Sogn regionråd

Åse Løkeland, Anne Siri Bentsen, Tove Rygg og Torodd Urnes
Utdanninga er eit partnerskap mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet, NAV Arbeidslivssenter og Sogn regionråd

Sogn regionråd satsar tungt på barnehage i prosjektet Sats på barnehagane - Snu Sogn. Studiet Leiing i framtidas barnehage er ein del av dette, og målet er å kvalifisere tilsette til organisasjons- og leiaroppgåver i barnehagane.

Målgruppe

Studiet er relevant for tilsette og tillitsvalde i barnehage/skule. Det kan også vere aktuelt for leiarar på kommunenivå og lærarar/leiarar i skulen.

Innhald / oppbygging

Det blir langt vekt på refleksjon rundt eigen praksis i samspel med teoretisk forståing av sentrale faglege tema som:

  • Pedagogisk leiing: Leiing av lokalt utviklingsarbeid, realisering av rammeplanen, kvalitetsvurdering, rettleiing som leiingsverktøy, og kompetanseutvikling
  • Barnehagen i lokalsamfunnet: Utvikling av entreprenørskapstenking mellom barnehagetilsette, barn, foreldre og lokalmiljø med utgangspunkt i analysar av lokale ressursar
  • Barnehageleiar som arbeidsgjevar og relasjonsbyggjar: Ulike leiarroller, personalleiing, administrativ og økonomisk leiing, kommunikasjon og konflikthandtering.
  • Leiing av barnehagen i den nye kommen: Endringar etter kommunelova av 1992. Ny styrarrolle som følgje av endring i kommunal organisering. Samspelformer mellom leiinga ved barnehagane, leiargruppa til rådmannen og politisk leiing.
  • Utvikling og endring i organisasjonar. Forståing av barnehagen som organisasjon, læring i organisasjonar og systemiske perspektiv på endringsleiing

Organisering

Studiet vert gjennomført med to kull, kvart på om lag 30 deltakarar som rekruttert gjennom Sogn regionråd. Første kull frå hausten 2010 til om med våren 2012. Andre kull frå hausten 2011 til og med våren 2013.

Høgskulelektor Aud Marie Stundal er fagansvarleg for studiet.

Lenkje til studieplan



Sist endra: 31. mai 2011 15:06:30