"Leiing av skuleutvikling" er eit studium for skuleleiarar som Høgskulen i Sogn og Fjordane gjennomfører på oppdrag for Sogn Regionråd.
Studiet rettar søkjelyset mot dei store utfordringane ein står overfor når det gjeld regional og kommunal omstilling. Entreprenørskapstenking blir ei viktig tilnærming, samtidig som programmet skal styrke skulane sitt arbeid med den nye nasjonale læreplanen som er ein del av det statlege ”Kunnskapsløftet” for skulesektoren. Hovudtema i studiet:
Studiet vart gjennomført med to kull, kvart på om lag 30 deltakarar som rekruttert gjennom Sogn regionråd. Første kull gjekk frå hausten 2007 til om med våren 2009. Andre kull gjekk frå hausten 2008 til og med våren 2010.
Studiet var bygd opp av åtte todagarssamlingar og arbeid mellom samlingane både på den einskilde skule og i andre grupper. Skuleleiarane i Sogn arbeidde med lokalbaserte utviklingsprosjekt som også involverte lærarane, elevane og foreldra ved skulane. Samlingane var i dei ulike kommunane i regionen.
Førstelektor Knut Roald er høgskulen sin prosjektansvarlege.
Studiet ei utteljing på 30 studiepoeng. Studiet vil då kunne innpassast i master i organisasjon og leiing.
Sist endra: 31. mai 2011 14:52:02