For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Formidling i høgre utdanning, 5 studiepoeng

Satsing på utdanningskvalitet er ikkje nytt i HSF. Her er første samling på Rettleiing i høgre utdanning i 2007
Satsing på utdanningskvalitet er ikkje nytt i HSF. Her er første samling på Rettleiing i høgre utdanning i 2007

Arbeid med utdanningskvalitet er eit satsingsområde ved HSF. Difor tilbyr høgskulen emnet Formidling i høgre utdanning (5 studiepoeng) hausten 2011. Målgruppa er fagleg tilsette ved HSF med undervisnings- og formidlingsoppgåver.

Hovudfokus er formidling og den gode førelesinga, og målsettinga er å vidareutvikla studenten sine formidlingsferdigheiter.

Fagansvarleg er Avdeling for lærarutdanning og idrett v. førsteamanuensis Geir Kåre Resaland.

Organisering og læringsformer

Studiet er lagt opp med tre dagssamlingar med om lag ein månad mellom samlingane. Det vert førelesingar/seminar, gruppearbeid, skriftleg og munnleg framstilling. Sjølvstudium og arbeidskrav mellom samlingane.

Læringsutbyte

Etter gjennomført studium skal studenten:

  • kjenna til sentral formidlingsdidaktikk
  • ha vidareutvikla sine formidlingsferdigheiter
  • kunna reflektera over val av formidlingsteknikkar/verktøy
  • kunna skapa eit godt miljø for formidling i klasserommet

Arbeidskrav og sluttvurdering

Arbeidskrav: Obligatorisk deltaking på samlingane, individuelt refleksjonsnotat, og kollegarettleiing med individuelt refleksjonsnotat.

Sluttvurdering: Munnleg presentasjon i gruppe. Greidd/ikkje greidd.

Praktiske opplysningar

Samlingar:

  • 14.-15. september, Skei hotel, Jølster. Byrjar med lunsj kl. 12 fyrste dag og avsluttar med lunsj kl. 12 andre dag. Felles middag om kvelden. HSF dekkjer alle måltid og overnatting.
  • 27. oktober, Førde: Dagssamling
  • 24. november, Sogndal: Dagssamling, inkludert eksamen

Administrativ kontakt: HSF Oppdrag v. Tone Skjerdal, tone.skjerdal@hisf.no eller 57 67 63 45.

Eit av fleire tiltak for å heva undervisningskompetansen ved HSF

Studiet kan sjåast i samanheng med Rettleiing i høgre utdanning (10 studiepoeng) som består av emna Rettleiing på fagtekstar (5 studiepoeng) og Møte med studenten (5 studiepoeng).

Lenkje til emneomtale Formidling i høgre utdanning
Program for første samling


Sist endra: 29. august 2011 11:43:16