Treng du fagleg påfyll? Våren 2011 er det kurs for engelsklærarar, med studietur og undervisning på Det norske studiesenteret i York. Etterutdanninga er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet.
Lærarar som underviser i engelsk på ungdomstrinnet. Lærarar på mellomtrinnet vil òg ha utbyte av kurset.
Å få høgare kompetanse i munnleg engelsk, oppdatert kunnskap om det moderne Storbritannia, innsyn i engelsk skulekvardag og reflektera over undervisning i engelsk saman med andre lærarar
Førebuing til studietur, 1 dag samling
- Informasjon om studiesenteret og praktiske opplysningar om opplegget
- Kommunikative aktivitetar til bruk i engelskundervisninga
- Grammatikken sin plass i engelskopplæringa
- Litteratur som høver for mellomtrinnet/ungdomstrinnet
Studietur til York, 14 dagar
- Skulebesøk
- Skulesystemet i England
- Historisk vandring gjennom Englands historie sett gjennom historien til York
- Barnelitteratur og bøker som høver for norske elevar
- Multikulturalisme i Storbritannia
- Oversikt over britisk presse og aktuelle saker i britisk media
- Vokabularinnlæring
- Korleis undervise i munnleg engelsk
- Frå anglosaksisk til moderne global engelsk
- Taboo or not taboo, tabuspråk i engelsk
Etterarbeid
- Oppsummering og innlevering av refleksjonsnotat om studieturen
Førebuingsdag i Sogndal: 7. mars
Studietur til York: 4.-15.april (avreise 3. april)
Innlevering av etterarbeid: 23. mai
Høgskulen i Sogn og Fjordane dekkjer undervisning og overnatting i York. Deltakarane må sjølve organisera reise til og frå kurset. Reise og kost må dekkjast av deltakarane.
Send namnet ditt, adresse og namn på skulen til hsfoppdrag@hisf.no innan 15. januar 2011. Det er 15 plassar på kurset. Ved fleire påmelde vert lærarar som har mykje undervisning i engelsk på ungdomstrinnet prioriterte. Tilbodet går til skulane i Sogn og Fjordane.
Kontakt HSF Oppdrag, fortrinnsvis på e-post: hsfoppdrag@hisf.no
Sist endra: 16. november 2010 12:39:20