For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Nordiske perspektiv på sjukepleieleiing

KONFERANSEN ER AVLYST GRUNNA FOR FÅ PÅMELDE!

Velkommen til NiV´s IV Nordiske symposium i Norge, nærare bestemt Førde, 25. - 26. oktober 2012

Symposiet rettar seg mot forskarar, studentar, leiarar og personale innan pleie og omsorg i heile Norden.

Målsetjing:

  • å spreie kunnskap om forsking og utviklingsarbeid i leiing og pleiekultur i pleie- og omsorgssektoren
  • møteplass for å samle forskarar, studentar, leiarar og personale innanfor fagfeltet for å utvikle samarbeid og påverke forskinga og utdanninga i sjukepleieleiing i pleie- og omsorgssektoren i Norden

Invitasjon til å presentere forsking eller utviklingsarbeid

I symposiet er det hovudføredrag og munnlege sesjonar, i tillegg til posterutstilling, der også utviklingsarbeid kan presenterast. Deltakarar som ønskjer å presentere forskings- eller utviklingsarbeid, kan sende inn abstrakt seinast 24. september. Abstraktet kan ha maksimalt 250 ord og må inneholde formål, metode, gjennomføring, resultat og konklusjon. Meld ifrå om ønska presentasjonsform; munnleg eller poster. Du får melding om abstraktet ditt er godkjent innan 8. oktober.

Abstraktet sendast per e-post til: Professor Maj-Britt Råholm, Maj-Britt.Raholm@hisf.no

Vitskapeleg ekspertgruppe: Leiar professor Terese Bondas, universitetslektor Kristina Rosengren, lektor Berit Foss og lektor Bengt Michelsson.

Hovudførelesarar

Deltakaravgift

Deltakaravgift er 267 €(NOK ~2000, SEK ~ 2 350, DKK ~ 1985) før den 23.9.2012 og 307 €(NOK ~2300, SEK ~ 2 700, DKK ~ 2280) etter det. Avgifta inkluderer lunsj, kaffi/te og frukt begge dagar og kursmateriell. Konferansemiddag den 25. oktober kostar 53 € ( NOK ~ 400, SEK ~ 470, DKK ~ 395) i tillegg til deltakaravgifta. Reise og opphald inngår ikkje i prisen. Betaling ved påmelding eller du kan krysse av for å få tilsendt faktura.

Førebels program

Arrangørar

Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nordiska forskningsnätverket i vårdledarskap (NiV) og Universitetet i Nordland



Sist endra: 26. september 2012 15:41:13