Høgskulen i Sogn og Fjordane har, og har hatt, ei rekkje oppdrag for offentleg og privat verksemd. Her er nokre tilbakemeldingar frå folk som har delteke på studietilbod.
Praktisk personalleiing, 5 studiepoeng. Oppdragsgjevar: Årdal Utvikling, deltakarar frå offentleg og privat verksemd
André Østvik, Norsun: - Det var veldig bra. Likte veldig godt kurshaldaren, det var spennande å høyra på ho og alle erfaringane ho hadde med seg. Kurset vart òg ein uformell møteplass der eg fekk litt innblikk i erfaringane til dei andre bedriftene. Eg har oppfordra bedriftsleiinga til å senda fleire på kurs, for eksempel alle formennene, dersom det vert arrangert fleire gonger.”
Merete Lunde, Lerum Fabrikker as: - Kurset i praktisk personalleiing var nyttig, lærerikt og utviklande. Eg har fått stor forståing for kor viktig det er med ein moderne og god personalpolitikk i arbeidet med å nå verksemda sine mål. Kurset gav meg nokre viktige verktøy i arbeidet med å lede avdeling for produktutvikling og kvalitet i Lerum.
Leiing for velferd, 30 studiepoeng. Deltakarar hovudsakleg frå NAV
Bodil Førde, NAV Eid: - Det er trivleg å ta på studenthatten. Samlingane vert eit stoppunkt der eg får eit teoretisk bakteppe og skaffar meg overblikk over utfordringar og moglegheiter. Utan innlevering av arbeidskrav trur eg det hadde vorte meir enn ’happening’ enn læring, no må eg forstå teorien på ein annan måte og det likar eg. Eg har og stor nytte av diskusjonane med medstudentane mine, det er moro, spanande og vi er eit godt nettverk.
Hans Ole Færestrand, NAV Vågsøy: - Dette er kjempespanande, og eg tykkjer det er eit godt studium på alle måtar. [...] Rett nok er det utfordrande å levere det ein student skal levere, men det går greitt når både leiar og studieleiarar er romslege. Teroripåfyllet gjer at eg ser og kan reflektere rundt arbeidskvardagen min på ein helt annan måte [...]. Både NAV-leiar Ragnhild Holm og eg tek studiet, det er både praktisk og nyttig i desse omstillingstidene, og så har vi veldig gode diskusjonar, seier Færestrand.
Kjelde: www.nav.no, publisert 11.11.2008
Ta pulsen på språket, 15 studiepoeng. Deltakarar frå fylkesmannen, fylkeskommunen, kommunar, NAV mm
- Kurset svarte til forventningane mine. Forelesaren var topp! Kurset vart starten på ein bevisstgjeringsprosess der eg vart tvinga til å tenkje over korleis eg skriv og ordlegg meg i ulike situasjonar. Veldig praktisk lagt opp - fint å kombinere med arbeid. Herleg at det ikkje var så mykje pensumlitteratur, men mest praktiske øvingar.
- Både samlingane og dei praktiske oppgåvene vi har gjort mellom samlingane har vore nyttige for meg. Alt vi har gått gjennom på kurset er nyttig for meg i den jobben eg har. Eg kjem ikkje på noko negativt. Heile kursopplegget var bra! Inspirerande og motiverande! Alle små og store byråkratar bør sendast på slike kurs med jamne mellomrom.
Sist endra: 03. november 2009 11:38:01