For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Vil du auke kompetansen din som leiar og rettleiar?

No kan du delta i gruppe og få 12 timar rettleiing á 90 minutt.

Kurset er aktuelt for rettleiarar og leiarar med utdanning innan rettleiing og coaching som ønskjer fagleg og personleg utvikling knytt til leiing, kommunikasjon og samhandling i grupper/team.

Tid og stad

Gruppesamtalane vil skje i perioden oktober 2011 til mai 2012 i Høgskulen sine lokale på Vie i Førde.

Oppstart tysdag 4.oktober kl. 14:30 – 16:30. Øvrige samlingar er torsdagar kl 14:30 – 16:15 i veke: 42, 43, 45, 47, 49, 1, 3, 5, 7, 10, 12 og 16

Kurshaldar: Vigdis Svorstøl, godkjend rettleiar

Pris og påmelding

Kr 5 700,- pr. deltakar for 12 gonger rettleiing á 90 minutt.

Det er lagt opp til 7 deltakarar pr. gruppe. Alle deltakarane får kursbevis. Påmeldinga er bindande. Deltakaravgifta vert ikkje refundert dersom deltakar er forhindra frå å møte.

Påmeldingsfrist: 26. september 2011

Påmelding her


Sist endra: 30. august 2011 11:10:22