Over halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane har delteke i pilotstudiet reisemålsutvikling. Dei har lært om samarbeid på destinasjonen for meir marknadsretta og heilskaplege reisemål.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har utvikla studiet Reisemålsutvikling i samarbeid med Innovasjon Norge. Målet med studiet var å gje kommuneplanleggarar og reiselivsaktørar kunnskap om korleis potensial, felles mål og strategiar kan definerast, forankrast og setjast ut i live, for meir heilskaplege, konkurransedyktige og lønsame reisemål.
Gjennom fire samlingar har hovudforedragshaldar Bård Jervan frå rådgjevingsselskapet Mimir vist korleis vi kan bruke ulike planleggingsverktøy i ein målretta prosess. Innovasjon Norge inviterte med sitt Tyskland-kontor, som presenterte korleis reisemåla kan tilpasse seg behov i den tyske marknaden. 30 deltakarar frå fylket fekk god innsikt i utviklingsarbeidet frå fleire reisemål i Norge, med eksempel frå kystdestinasjonen Lofoten og presentasjonar frå fjellbygdene Geilo og Trysil, og det naturbaserte reisemålet Svalbard. Dei 28 deltakarane som tok eksamen fekk formell utteljing på 10 studiepoeng.
Prosjektansvarleg Åsne Folstad hjå Innovasjon Norge meiner studiet gjev deltakarane eit godt grunnlag for å jobbe med reisemålsutvikling lokalt, og håpar det vil bidra til meir attraktive og lønsame reisemål i fylket. - Heilskapleg reisemålsutvikling er eit satsingsområde hjå Innovasjon Norge, som óg kan tilby finansiering til gode reisemålsutviklingsprosessar i regionen.
Les meir om studiet i Reisemålsutvikling.
Sist endra: 22. april 2009 15:49:43