For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Utdanningsleiing for Bergen kommune

Bergen kommune satsar tungt på leiarar i skule- og barnehagesektoren. Høgskulen i Sogn og Fjordane skal no utdanna dei nye avdelingsleiarane som har overteke jobben til inspektørane på skulane i kommunen.

Det ligg ei tung politisk satsing bak Bergen kommune si utdanning av nye leiarar. Det byrja med ein offentleg utlyst konkurranse i 2008, der Bergen kommune og høgskulen til slutt inngjekk avtale om utdanning av 30 potensielle skule- og barnehageleiarar.

No har kommunen utløyst opsjon på avtalen, og denne gongen er det 30 nye avdelingsleiarar som skal få ny kompetanse. Verdien av den nye avtalen er 1,85 millionar kroner. Studiestart er hausten 2011 og undervisninga føregår i Bergen.

Del av masterutdanning

Dei 30 deltakarane som starta våren 2009, tek i haust den siste tredjedelen av til saman 45 studiepoeng leiarutdanning. Tilbakemeldingane frå studentane og oppdragsgjevaren er udelt positive, og det vert etter ønske frå Bergen kommune lagt til rette for at dei kan fullføra høgskulen sin Master i organisasjon og leiing i Bergen.

Sterkt fagmiljø innan organisasjon og leiing

Høgskulen i Sogn og Fjordane har eit av dei sterkaste fagmiljøa innan skuleleiing i landet. For tida har høgskulen oppdrag for mellom andre Sogn regionråd, Bergen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, og tilbyr dessutan nasjonal rektorutdanning saman med dei andre institusjonane i UH-nett Vest.


Sist endra: 16. august 2010 15:16:06