For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Psykososialt arbeid for barn og unge, 60 studiepoeng

Illustrasjonsfoto, farga garn

Høgskulen i Sogn og Fjordane har nytt opptak til den tverrfagleg vidareutdanninga, og det er framleis ledige plassar på studiet.

Vidareutdanninga blir gjennomført på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet og er eit resultat av Regjeringa si strategiplan for barn og unges psykiske helse.

Målgruppa er tilsette med treårig høgskule/universitetsutdanning i skuleverket (både i grunn- og vidaregåande skule), barnehage, helse- og sosialsektoren, barnevern, kultur og fritid, politietaten og helseføretaka.

Studiet er organisert som ei deltidsutdanning over to år. Første kull byrja hausten 2008, og andre kull byrjar i september 2009.

Er du interessert? Les meir om studiet i Psykososialt arbeid for barn og unge.


Sist endra: 04. august 2009 13:42:48