Vil du få meir innsikt i korleis bygdeturisme kan drivast? Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr emnet "Bygdeturisme" i samarbeid med Norsk bygdeturisme og gardsmat (NBG).
Føremålet med kurset er at folk som driv med bygdeturisme, skal tilegna seg teoretisk kunnskap, reflektera over eiga næringsverksemd og utveksla erfaringar med andre næringsutøvarar. Kurset er òg nyttig for tilsette i offentleg forvaltning som arbeider med reiseliv og næringsutvikling.
Studiet går over tre samlingar frå februar til mai med avsluttande heimeeksamen rundt 1. juni 2009. Dei som fullfører og står på eksamen får formell utteljing på ti studiepoeng.
Samlingar:
Søknadsfristen er ute, men det er framleis ledige plassar. Ver rask!
Er du interessert? Les meir på nettsidene om studiet i bygdeturisme.
Sist endra: 12. januar 2009 08:51:53