For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

HSF skal hjelpe Bergen med å skaffe seg skule- og barnehageleiarar

Tone Skjerdal i HSF Oppdrag og studieleiar Leif Longvanes spanderte kake på kvarandre for å feira sigeren med Bergensprosjektet

Den største kommunen på Vestlandet har valt Høgskulen i Sogn og Fjordane i si satsing på å utdanne skuleleiarar og barnehagestyrarar.

Det er ei tung politisk satsing frå Byrådet si side når Bergen kommune no går inn for å styrka rekrutteringa til leiarstillingane i skulane og barnehagane. Dette vil dei gjere ved å setje i gang opplæring for potensielle leiarar.

Konkurranse

I mai lyste dei ut ein konkurranse om utvikling og gjennomføring av slik opplæring. No er det klart at Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått dette oppdraget, etter å ha konkurrert med tre andre tilbydarar. Dei andre tilbydarane var Handelshøyskolen BI, Universitetet i Agder og Høgskolen i Bodø. Avtalen er i fyrste omgang på 1,7 millionar kroner for eit kull på 30 deltakarar. Bergen kommune har høve til å utvida avtalen med to nye kull med same omfang.

Sterkt fagmiljø innan organisasjon og leiing

Høgskulen i Sogn og Fjordane har eit av dei sterkaste fagmiljøa innan skuleleiing i landet. Førstelektor Knut Roald ved HSF er drivkrafta i dette miljøet, og Roald blir nytta nasjonalt i fleire samanhengar.

Tilbodet til Bergen kommune er ei knoppskyting av masterutdanninga i organisasjon og leiing som høgskulen har drive med i fleire år. Både masterutdanninga og tilbodet til Bergen kommune byggjer på eit samarbeid mellom organisasjons- og leiingsfagmiljø på tvers av fagavdelingar i høgskulen. Tilbodet er òg tufta på eit godt samarbeid med fagmiljø i avdeling for utdanningsvitenskap ved Universitetet i Bergen, med professor Sølvi Lillejord i spissen.

- Utan slikt samarbeid på tvers av institusjons- og avdelingsgrenser hadde vi ikkje fått til dette tilbodet til Bergen kommune, seier høgskulelektor Leif Longvanes. Longvanes er studieleiar for organisasjon og leiing ved HSF.

Han trekkjer fram at det er viktig for fagmiljøa å liggje i front på dette området sidan Kunnskapsdepartementet satsar på ei nasjonal rektorutdanning.

Mykje erfaring frå leiaropplæring i Sogn og Fjordane

Mange skuleleiarar i Sogn og Fjordane er utdanna ved HSF. Akkurat no er høgskulen midt i eit opplæringsprogram i Sogn som liknar på Bergensopplegget. Dette er eit studium med namnet ”Leiing av skuleutvikling”. Dette inngår i Sogn regionråd sitt program ”Sats på skulen – snu Sogn”. Medan Sogn regionråd satsar på entreprenørskap og opplæring av dei som allereie er på plass i ein leiarstol, har Bergen kommune valt å satsa på å rekruttera nye leiarar.

Kontaktpersonar

Studieleiar Leif Longvanes, mobil 906 46 424

Tone Skjerdal, HSF Oppdrag, mobil 952 97 729

Rektor Åse Løkeland , mobil 970 02 230

Bergen kommune ved kommunaldirektør for barnehage og skole Anne-Marit Presterud


Sist endra: 04. desember 2008 15:32:24